Ofte stilte spørsmål
På same måte som personnummeret til eit individ blir brukt for å skilje ein person frå ein annan med same eller liknande namn, skil ISSN ein tittel frå andre liknande titlar. ISSN identifiserer titlar i automatiserte system raskare og enklare.
Tittelendringar er kostbare for bibliotek (meirarbeid med oppdatering av register og databasar) og kan bli kostbare for utgjevarar også (ny layout og marknadsføring). Dersom tittelen må endrast, bør du kontakte ISSN Noreg i god tid før. Det same gjeld dersom du er i tvil om den planlagde endringa krev nytt ISSN.
ISSN International Centre handsamar førespurnader dersom
- eit land ikkje har eige ISSN-kontor
- publikasjonen er gjeven ut av ein internasjonal organisasjon som står i Yearbook of International Organizations
- publikasjonen blir gjeven ut av ein internasjonal konferanse som endrar vertsland kvart år
Nei, i motsetnad til ISBN kan ein ikkje få tildelt fleire ISSN på førehand. Ikkje alle titlar får standardnummer. ISSN som er tildelte, blir registrerte og følgde opp i nasjonale og internasjonale databasar.
Tenesta er gratis.
Det åttande sifferet er eit kontrollsiffer og har som funksjon å avsløre eventuelle feilskrivne nummer ved databehandling. Kontrollsifferet blir sett på som ein vesentleg og uløyseleg del av nummeret. I dei tilfella der utrekningane gjev kontrollsiffer 10, blir romartalet X brukt i staden.
Nei, ISSN blir berre endra ved tittelskifte.
Eigarskap påverkar vanlegvis ikkje ISSN. Nytt ISSN er naudsynt berre dersom endringa påverkar tittelen.
Dersom tittelen er den same, er det opphavlege ISSN-et framleis gyldig, sjølv om det har vore eit opphald i utgjevinga. Har det derimot vore eit tittelskifte i mellomtida, kan ein ikkje ta i bruk det ISSN-et ein fekk utdelt fyrste gongen.
Ja. Alle fysiske format får eigne ISSN. Les meir om ISSN til elektroniske publikasjonar her.
Nei. «Print on demand» blir ikkje sett på som ein sjølvstendig trykt versjon. I slike tilfelle skal det ISSN-et som er tildelt den elektroniske versjonen, brukast på «print on demand»-hefte. Det er berre dersom papirversjonen og den elektroniske versjonen blir gjeven ut parallelt at båe versjonane får eigne ISSN.
- Utgjevarar – for identifisering av publikasjonar og for å lage strekkodar.
- Bibliotek – for å ha ein unik identifikator til å skilje mellom identiske titlar og for å gjere søk, kontroll og bestillingar enklare.
- Dokumentasjonssenter og databasar – for å finne, referere, sitere og indeksere.
- Distributørar – for å gjere distribusjonen og salet meir effektivt.
- Akademikarar – til sitering av tidsskrift i forsking og publisering. Nederst i skjemaet