Avsluttet utstilling

Stoltheit og fordom – skeive forteljingar frå samlinga

3. februar 2022 – 23. april 2022Gratis inngang

Utstillinga er avslutta.

I år er det 50 år sidan lovparagraf 213, som forbydde seksuelle handlingar mellom menn, vart avskaffa. Denne milepælen i norsk historie blir markert med Skeivt kulturår 2022.

Heile våren feirar Nasjonalbiblioteket jubileet med mellom anna utstilling, festar, foredrag og panelsamtalar: eit program som til saman utgjer satsinga Stoltheit og fordom – skeive forteljingar frå samlinga.

Utstilling

Utstillinga Stoltheit og fordom gir innblikk i skeive frigjeringskampar og levde skeive liv i Noreg gjennom materiale frå Nasjonalbiblioteket og Riksarkivet. Samlingane er ofte ikkje merka med omgrep som homofil, lesbisk, bifil eller transperson, og skeive forteljingar dukkar opp på mange og uventa plassar.

Dette er ikkje ei lineær, komplett eller kronologisk historie – utstillinga viser eit mylder av skeive forteljingar frå ulike tider og ulike delar av samlingane. Her er biletkunst og bibelsitat. Rettsdokument og rockemusikk. Porno og poesi. Grand Prix og grisevitsar. Snorres Edda og samisk joik. Meir enn 400 bøker, blad, avisklipp, brev, manuskript, dagbøker, skisser, bilete, filmar, melodiar, video- og lydopptak dannar eit komplekst nettverk av forteljingar om kjønn, kjærleik og frigjering.

Kurator: Bjørn Hatterud
Design: Snøhetta

Bla deg nedover for å melde deg på omvisingar i utstillinga.

Arrangement

Kvifor vart eigentleg MGP ein homofest? Kva kan sagaene fortelje om kjønnsidentitet? Og kva tyder eigentleg omgrepa «tvitolling» og «homannsførkje»?

At vi i år kan feire jubileum for retten til å elske kven vi vil, og at vi kan leve ut kjønnet vårt som vi vil, er resultat av kampar på ulike arenaer. Dette fortener både å bli feira og å bli markert med diskusjon og refleksjon. Begge delar får plass på scena i månadane framover:

Skeive historier: