Avsluttet utstilling

Med lova i hand. Magnus Lagabøtes landslov, 1274–2024  

1. februar 2024 – 14. september 2024Gratis inngang

Magnus Lagabøtes landslov blei innført i Noreg i 1274 og var den første felles lovboka vår. Landslova gjaldt fram til 1687, og ho forma liva til menneska i Noreg i meir enn fire hundre år. I 2024 har det gått 750 år sidan Magnus Lagabøtes landslov blei innført. Nasjonalbiblioteket markerer dette med ei utstilling om lova og om tida som skapte ho.   

Utstillinga «Med lova i hand» blir ei sjeldan moglegheit til å møte mellomalderen på nært hald. For første gong har vi samla eineståande handskrivne bøker som er laga i Noreg i mellomalderen, og som hittil har vore i utanlandske samlingar. Frå 1. februar til 14. september gjer vi denne gløymde delen av norsk kulturhistorie tilgjengeleg for publikum i Noreg.  

I utstillinga kan du sjå nokre av dei vakraste eksemplara av Magnus Lagabøtes landslov, i tillegg til Heimskringla, Gulatingslova, Kristina-psalteret og mykje meir. Saman fortel desse skattane historia om utviklinga av ein norsk stat og identitet, og om korleis landet blei samla under éi lov. 

I august 2024 blei det kjent at Nasjonalbibliotekets utstilling Med lova i hand. Magnus Lagabøtes landslov, 1274–2024 har vunne gull i kategorien «Better futures» ved London Design Awards 2024.