Historia om Nasjonalbiblioteket og pliktavlevering

Den gong då…

I 1814 var den dansk-norske heilstaten oppløyst og Noreg vart ein sjølvstendig nasjonalstat som fram til 1905 var i personalunion med felles konge med Sverige. Den nye nasjonalstaten måtte etablera offentlege institusjonar og infrastruktur frå grunnen av, men det var små forhold og begrensa midlar.

Nasjonale bibliotekoppgåver vart lagt til biblioteket ved landets einaste universitet, men det var ikkje ei særleg prioritert teneste. Mellom 1815 og 1839 galdt ei provisorisk lov om at trykkeria skulle avlevera 3 eksemplar av allment tilgjengelege dokument, respektivt til universitetsbiblioteket, justisdepartementet og det norske regjeringskontoret i Stockholm. Trykkeriverksemd var knytta til privilegium, som fall bort med den liberale handverkslova i 1839.

Ei utilsøkta følge av denne endringa var at Noreg var utan lovfesta pliktavlevering. Frå fleire hald vart det peika på at dette var eit tap og det var behov for lovfesta avlevering. Etter initiativ frå universitetsbiblioteket vedtok stortinget 20. juni 1882 ei lov om pålagt avlevering til dette biblioteket. Lova var verksam frå 1. januar 1883 og frå same dato etablerte universitetsbiblioteket ein eigen avdeling for avleverte litteraturen. Avdelinga fekk namnet Norske avdeling og hadde ansvar for å handtera pliktavlevering og å publisera nasjonalbibliografi, dvs.  oversyn over den avleverte litteraturen. Med desse tiltaka vart det grunnlagt eit reelt norsk nasjonalbibliotek, men det var innan universitetsbibliotekets struktur og budsjett og ikkje ein sjølvstendig institusjon.

Avleveringslova av 1882 virka stort sett tilfredstillande lenge, men eit ankepunkt var at den sikra berre eit lovpålagt avleveringseksemplar av kvart dokument og dei vart samla i Oslo. Etterkvart såg ein behov for ei utvida avlevering for å sikra fleire eksemplar for ettertida. 9. juni 1939 vedtok stortinget ei ny pliktavleveringslov der lovpålagt avlevering til universitetsbiblioteket i Oslo held fram medan biblioteka ved Bergens museum og Vitskapsselskapet (DKNVS) i Trondheim fekk høve til å rekvirera litteratur som ein vurderte som verdifull for ettertida. Biblioteka i Bergen og Oslo vart seinare universitetsbibliotek.

Etter andre verdskrig var der ein aksellererande auka i dokumentproduksjon og ei stadig utvikling av nye media og publiseringsformat. Samfunnsoppdraget med å handtera nasjonale  bibliotekoppgåver med pliktavlevering og oppbevaring og tilgjengeleggjering av materialet krevde både tidstilpassa lovbasis og større strukturar for å kunna løysast forsvarleg. Den doble oppgåva til universitetsbiblioteket i Oslo, som skulle løysast innan universitetets budsjett, vart stadig større og meir uhandterleg. Dette var utfordringar som vedrørte heile det norske bibliotekfeltet og dermed vidare også kultur- og kunnskapspolitikken. Frå biblioteksfagleg og politisk hald kom ulike initiativ og fleire offentlege oppnemnde utval leverte utgreiingar som tok opp både dei nasjonale bibliotekoppgåvene og det samla bibliotekfeltet.  

Ei særleg viktig utgreiing var NOU 1984:3 Frå informasjon til kulturarv. Korleis tryggja informasjon frå ulike media for skrift, lyd og bilete til bruk i samtid og framtid? Framlegg til ny pliktavleveringsordning.  Dette var ei svært grundig utgreiing som tok opp pliktavleveringas samfunnsmessige betydning. Utgreiinga viste den historiske bakgrunnen for fenomenet pliktavlevering, den forklarte kvifor dette er ei viktig samfunnsoppgåve og den peika på korleis samtidas og framtidas behov kunne dekkast. Utgreiinga argumenterte for ei ny avleveringslov som dekka heile mediabiletet av allment tilgjengelege materiale og var formulert slik at den også fanga opp den tekniske utviklinga. Vidare argumenterte utgreiinga for å etablera eit institusjonelt sjølvstendig norsk nasjonalbibliotek.     

Hovudpunkta i NOU 1984:3 fekk politisk gjennomslag, og i 1989 kom ei ny avleveringslov; Lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument av 9. juni 1989 og mellom 1989 og 2005 vart det gradvis etablert eit sjølvstendig norsk nasjonalbibliotek, lokalisert med to avdelingar, respektivt i Mo i Rana og Oslo.  For tradisjonelle allment tilgjengelege trykte papirdokument skulle som regel 7 eksemplar avleverast. Derav gjekk 3 til samlingsbygging i nasjonalbiblioteket medan 4 eksemplar var fordelt mellom universitetsbiblioteka i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Lova innførte også avleveringsplikt for allment tilgjengelge dokument i alle format.     

… og no

Auka digital publisering har redusert tilgang og behov for fysiske eksemplar. Sjølv om avleveringslova av 1989 var framtidsretta, var det behov for endringar for å fanga utviklinga. I 2016 kom ein revisjon av avleveringslova som styrka avleveringa av norske nettdokument. I tillegg innførte lova avleveringsplikt for digitale grunnlagsdokument (trykkefiler) og metadata skapt i produksjonsprosessen.

Pliktavlevering er ikkje eit særnorsk fenomen. Den første pliktavleveringslova kom i Frankrike i 1537. NOU 1984:3 forklarer plikatavleveringa såleis (s.21): «Føremålet med lover om avleveringsplikt har endra seg gjennom tidene. Tidlegare var den politiske sensuren eit viktig motiv, seinare også den juridiske garantien av opphavsretten. I dag er føremålet med lovene om avleveringsplikt i den vestlege verda stort sett reint kulturelle. Målet er at den nasjonale produksjonen av allment tilgjengeleg informasjon blir samla, registrert og teken vare på, for å kunna brukast i studiar, forsking, dokumentasjon og utgreiingsarbeid i nåtid og framtid.»