Hopp til innhold

Omsetjingsminne frå Doffin

Dette korpuset inneheld data frå Doffin, den nasjonale kunngjeringsbasen for offentlege anskaffingar, forvalta av Direktoratet for Forvaltning og Økonomistyring (DFØ). Språkbanken fekk dataa i from av ein dump av ein XML-database.

Dumpen bestod av 41.143 dokumentpar (originalar og omsetjingar). 40.631 av desse var omsetjingar frå norsk til engelsk. Berre desse er inkluderte i korpuset. Av dei opphavleg norske dokumenta er 39.893 på bokmål og 736 på nynorsk.

Original og omsetjing vart først parallelliserte på dokumentnivå ved hjelp av ein intern dokumentidentifikator, deretter vart setningane identifiserte med NLTK Punkt Sentence Tokenizer og parallelliserte ved å nytte Hunalign. Dupliserte omsetjingar (eksakte duplikat) vart kasserte.

Totalt fann me 293.649 omsetjingseiningar (Translation Units – TU) for bokmål til engelsk, og 6.342 TUar for nynorsk til engelsk. Ein TU er eit omsetjingspar med ei originaltekst og ei parallellstilt omsetjing, og svarar vanlegvis til ei meir eller mindre meiningsberande språkleg eining, typisk ei setning, overskrift eller liknande. Ein TU kan òg bestå ev eit enkeltord eller fleire setningar. Omsetjingseiningane for bokmål og nynorsk vert distribuerte som to separate filer, begge i TMX 1.4-format (ein variant av XML).

Utvidet metadata

Last ned ressurser

Last ned metadata