Hopp til innhold

Norsk ordbank – nynorsk 2005-2012

Norsk ordbank – nynorsk 2005-2012 er ein fullform leksikalsk database som følgjer rettskrivingsnormen som gjaldt frå 2005 til 2012. Merk altså at denne ressursen reflekter rettskrivinga slik ho var i perioden 2005-2012, og ikkje den offisielle rettskrivinga for nynorsk slik ho er i dag.

Norsk ordbank er sett saman av ei grunnordliste og eit sett av bøyingsmønster. Kvart ord i grunnordlista har eitt eller fleire bøyingsmønster. Kvart bøyingsmønster inneheld ei line for kvar enkelt bøygde form av grunnordet. Ei line inneheld eit omformingsmønster og informasjon om morfologisk kategori og morfologiske drag. Mønstret syner korleis grunnordet kan verte ekspandert til ei bøygd form.

Dataa er lagra i seks tabellar. Tabellen ”lemma” inneheld alle oppslagsorda i Nynorskordboka med spesifikasjon av artikkelnummeret. Fullformslista inneheld alle moglege bøygde former av oppslagsorda i tråd med rådande rettskriving. Denne tabellen kan verte generert med alle tenkjelege former (t.d. gradbøying av alle slags adjektiv, som «fantastisk») eller alle tilrådde former basert på ei grov fråsiling av lite aksepterte former slik det vert gjort i nettutgåva av Nynorskordboka.

Tabellane ”lemma_paradigme”, ”paradigme”, ”paradigme_boying”, ”boyingsgruppe” og ”boying” inneheld den informasjonen som er naudsynt for å generere fullformene basert på grunnordlista (”lemma”). Dei inneheld med andre ord koplinga mellom grunnord og bøyingsmønster, reglar og informasjon om kategoriar.

Utvidet metadata

Last ned ressurser

Last ned metadata