Hopp til innhold

Fagseminar frå Nasjonalbiblioteket 2018

Denne ressursen inneheld opptak frå eit utval fagseminar som fann stad ved Nasjonalbiblioteket i 2018. Opptaka er gjorde med mikrofon på talarstol og bøylemikrofonar. Språket er norsk, og det vert snakka ulike dialektar.

Opptaka er gjorde i to ulike rom. Det er ulik styrke på stemmene i dei forskjellige opptaka og internt i opptaka. Det kan vere tyst eller noko støy i byrjinga av filene før sjølve arrangementet tek til.

Lydfilene er i wav-format, og det er ei eller fleire lydfiler per arrangement. Filene er pakka og komprimerte til ei nedlastbar fil per arrangement. Filnamna angjev datoen for det aktuelle arrangementet. For eit oversyn over innhaldet, filstorleik osb., sjå pdf-fila (2018_nb_arr.pdf).

Vi tilgjengeleggjer desse opptaka i von om at dei kan kome til nytte for språkteknologisk forsking og utvikling.

Vi vil gjerne ha attendemeldingar på om denne ressursen er nyttig. Attendemeldingar og spørsmål kan sendast til sprakbanken@nb.no.

Utvidet metadata

Last ned ressurser

Last ned metadata