
Vår 2025: 23, 24 og 25
Omvisingstid: måndag-fredag kl. 9-14
Omvisarar: Anna Kleiva og Vegard Sæle Nævdal
Varar i ca. 60 minutt
Utstillinga opnar 7. mai.
Tilbodet vil også vere tilgjengeleg til hausten.
Året 1825 blir rekna som den spede byrjinga på utvandringa frå Noreg til Amerika. Fram til 1930 følgde nesten 900 000 nordmenn draumen om eit betre liv i Amerika.
Mange av nordmennene busette seg i Midtvesten, langs det som då var den vestlege grensa for USA, der jorda var billig for nytilflytte europearar. I desse grenseområda levde nordmenn ofte tett på amerikanske urfolk, som parallelt med immigrasjonen vart pressa stadig lengre vest på kontinentet.
Mange norske nybyggarar drøymte om eiga jord, om fridom, rikdom eller til og med eventyr. Kva slags liv såg immigrantane frå Noreg for seg at dei kunne få i USA? Kva møtte dei faktisk? Og kven bar kostnadane av den amerikanske draumen deira?
Dette er nokon av spørsmåla elevane blir stilte ovanfor på besøk i utstillinga Rett vest. Drømmen om et bedre liv i Amerika. Under besøket deler vi klassa i to, og begge grupper får ei omvising og eit kort undervisingsopplegg.
Utstillinga opnar 7. mai, og vi opnar for skuleomvisingar i tre veker frå og med 2. juni. Tilbodet vil også vere tilgjengeleg til hausten.