Kvinner i offentlegheita

2025: veke 7, 9, 11, 13, 17, 19 og 20.
Omvisingstid: måndag-fredag kl. 9-14
Omvisarar: Anna Kleiva og Vegard Sæle Nævdal
Varar i ca. 60 minutt
Korleis fungerer ei offentlegheit? Kven har tilgang på den? Dette er sentrale spørsmål i utstillinga Opplyst. Glimt frå ei kulturhistorie ved Nasjonalbiblioteket. Tilgangen til offentlegheita har opp gjennom historia vore blokkert for ulike grupper i samfunnet – ikkje minst for kvinner.
I denne omvisinga legg vi vekt på kvinnene sin plass på den politiske scena og i den norske kulturhistoria generelt. Vi ser nærare på arbeidet og påverknaden til mellom andre Gina Krog, Camilla Collett og Dorothe Engelbretsdatter. Det blir også trekt liner fram til dagens kvinnekamp.
Under besøket deler vi klassa i to, og begge grupper får ei omvising og eit kort undervisningsopplegg.