Nasjonsbygging og nasjonalromantikk
2025: veke 3, 5, 7, 9, 11 og 13.
Omvisingstid: måndag-fredag kl. 9-14
Omvisarar: Anna Kleiva og Ole-Albert Rønning Nordby
Varar i ca. 60 minutt
I Noreg samanfell den nasjonalromantiske perioden med ein stadig meir sjølvstendig nasjon. Den norske grunnlova blir skriven i 1814 og idet det nye hundreåret startar, er unionstida på hell. Samtidig veks det fram ei interesse for den norske folkekulturen – Asbjørnsen og Moe samlar inn eventyr, Edvard Grieg brukar norske folketonar i moderne komposisjonar og Snorres kongesagaer blir gitt ut som folkelesnad. Denne omvisinga ser innom fleire sentrale objekt frå nasjonsbyggingstida.
Under besøket deler vi klassa i to, og begge grupper får ei omvising og eit kort undervisningsopplegg.