Motstemmer

2025: veke 3, 5, 7, 9, 11 og 13.

Omvisingstid: måndag-fredag kl. 9-14
Omvisarar: Anna Kleiva og Ole-Albert Rønning Nordby
Varar i ca. 60 minutt

I utstillinga Opplyst – Glimt frå ei kulturhistorie viser Nasjonalbiblioteket fram objekt som har forma den norske kulturen og offentlegheita. Kven er det som definerer ei offentlegheit? Makthavarar dannar reglar og premiss, men ofte er det kreftene som står i opposisjon til makta som endrar og omformar samfunnet. I denne omvisinga fokuserer vi på dei gruppene som har protestert, og snakkar mellom anna om avisa Arbeider-Foreningernes Blad, tidsskriftet Nylænde og plakaten Varig vern av Alta-Kautokeino-elva!

Under besøket deler vi klassa i to, og begge grupper får ei omvising og eit kort undervisningsopplegg.

Andre omvisingar for skuleklasser