SKULE: Lag din eigen visp

Verkstad i trådsløyd ved Lillan Støen, Per Henrik Moe og Roger Johansen

Torsdag 21. september kl.10 (fullteikna)
Torsdag 21. september kl.13

Varar i om lag to timar.

Trådsløyd og strengarbeid er tett knytt til romanikulturen, men det vakre handverket er i ferd med å bli gløymt. Vispar, bordskånarar, knaggar, lysestakar og klokkestativ er typiske ting som vart laga ute på landevegen. Hesjetråd og andre material var lett tilgjengelege, og gjenstandane lette å selje undervegs. På dette totimars kurset lærar elevane å lage ein enkel visp, med ståltråd og tong.

Kursleiar Per Henrik Moe har med seg handverkar Roger Johansen og Lillan Støen, sekretær i Taternes Landsforening. I tillegg til å lage stålvisp, får elevane sjå andre typiske gjenstandar, og høyre meir om kva rolle dette handverket har spelt for romanifolket.

Verkstaden varar i om lag to timar, og er ein del av Handverksfestivalen ved Nasjonalbiblioteket.