SKULE: Sy din eigen skinnpose

Verkstad i skinnsaum ved Sofie Kleppe

Måndag 25. september kl.8.30 (fullteikna)
Måndag 25. september kl.12.30 (fullteikna)

Varar i om lag tre timar.

Påmeldingsfrist: 11. september.

Skinn er mellom dei eldste og mest slitesterke materiala menneska har brukt for å lage klede. For fiskarar og sjøfolk langs norskekysten var skinnhyra eit livsviktig plagg. Polfararar som Nansen og Amundsen brukte også klede av skinn på dei iskalde ekspedisjonane sine. Men tradisjonane knytt til bruken av dette naturmaterialet held på å gå i gløymeboka. På dette kurset lærar elevane om garving, og om korleis ein behandlar dyrehud for å få den til å bli skinn og lær. Dei får også sy sin eigen skinnpose av bark-garva reinskinn.

Kursleiar Sofie Kleppe er stipendiat ved Håndverksinstituttet, der ho forskar på korleis ein har lagd og brukt fritidsklede i Noreg. Ho har meisterbrev i tradisjonell garving frå Finland, og er medeigar i Ulu of Norway.

Verkstaden varar i om lag tre timar, og er ein del av Handverksfestivalen ved Nasjonalbiblioteket.