Med lova i hand

I februar opnar Nasjonalbiblioteket den nye utstillinga Med lova i hand. Magnus Lagabøtes landslov, 1274-2024. Vi ønskjer alle vidaregåande skular velkomne på omvising frå og med 12. februar.

Omvisarar: Anna Kleiva og Ole-Albert Nordby
Varar i ca. 60 minutt

Historia om Magnus Lagabøtes landslov er historia om framveksten av ein norsk stat og identitet, for med dette lovarbeidet skapte Magnus eit nytt Noreg. Lova var påverka av kristendom, skriftkultur og tankegods frå Europa, og kan seiast å vere grunnsteinen i det norske samfunnet slik vi kjenner det i dag.

Omvisinga vil fokusere på korleis lova endra det norske samfunnet, kva slags eksterne impulsar som påverka utforminga av lova, og kva spor Magnus Lagabøtes landslov har sett i dagens samfunn. I løpet av omvisinga får elevane eit møte med kulturlivet og aristokratiet som eksisterte i Noreg i mellomalderen. Dei blir presenterte for mellom anna lovbøker, psalter, omsett litteratur, musikk og vakre illuminasjonar frå perioden.

Under besøket deler vi klassa i to, og begge grupper får ei omvising og eit kort undervisningsopplegg.

Datoar for omvising:
(mellom kl. 9 og kl. 14)

Veke 34: 19.-23. august

Veke 35: 26.-30. august

Veke 36: 2.-6. september

Om du ønskjer å ta med klassen din for å sjå utstillinga på eiga hand, ta kontakt med skole@nb.no.