Ytringsfridom i offentleg rom

Ved Anine Kierulf
Varar i ca. 35 minutt
Tilgjengeleg no

Norske Intelligenz-Seddeler og Arbeider-Foreningernes Blad er to aviser som er å finne i utstillinga Opplyst ved Nasjonalbiblioteket, med eksemplar frå høvesvis 1763 og 1853. På kvart sitt vis fortel desse trykksakene om kampen for ytringsfridom, kva den har betydd og korleis den avgrensar seg.

Norske Intelligenz-Seddeler blir rekna som den eldste norske nyheitsavisa. Å satse på dette mediet var krevjande på 1700-talet. Sensuren var streng og myndigheitene gav berre lov til å gi ut nyheitsaviser i København, der dei kunne bli haldne under oppsikt kontinuerleg. Derfor var stoffet avgrensa til annonser, økonomisk innhald og religiøse betraktningar. Det var først frå 1814 av, då § 100 i Grunnlova slo fast at «Trykkefrihed bør finne sted», at ein kunne trykke eigentleg politisk stoff.

Arbeider-Foreningernes Blad var det første radikale arbeidarbladet i Noreg, etablert av aktivisten Marcus Thrane i 1849. Thrane var ein dristig forkjempar for utvida stemmerett og sosiale reformar. I 1850 vende han seg til kongen og kravde mellom anna allmenn stemmerett. Men sjølv om den norske Grunnlova var liberal i samtida, hadde ytringsfridomen grenser, ikkje minst når den vart brukt til å mobilisere arbeidarklassa. Thrane vart sjølv dømd til fengsel i sju år.

Med desse avisene som bakteppe fortel juristen Anine Kierulf om ytringsfridom: Kva er ytringsfridom? Kva betyr den for eit demokratisk samfunn? Kva er samanhengen mellom ytringsfridom, frie medium og demokrati? Og korleis fungerer ytringsfridomen i praksis: Alle i Noreg har rett til å ytre seg, men kven har tilgang til den offentlege samtalen?