Makt og tru i Noreg frå kristninga til reformasjonen

Ved Ole-Albert Nordby
Varar i ca. 30 minutt
Tilgjengeleg no

I april 1521 var den 18 år gamle danske prins Christian til stades då Martin Luther argumenterte for saka si framfor nokre av dei mektigaste mennene i Europa på Riksdagen i Worms. Prins Christian var trollbunde. Då han femten år seinare vart konge av Danmark og Noreg, sørgde han for å nedfelle Martin Luther sine idear i både kyrkja og staten: at frelsa eine og åleine kom gjennom tru, og at enkeltmennesket sitt forhold til Gud var viktig. Dette var ein revolusjon for norsk religionspraksis, politikk og samfunnsliv, og pregar oss framleis i dag.

Det fremste symbolet på denne revolusjonen var den danske omsettinga av Bibelen, som skulle gjere den heilage skrifta tilgjengeleg for alle. I dag er bibelen etter Christian III (1550), også kalla «reformasjonsbibelen», ein del av utstillinga Opplyst ved Nasjonalbiblioteket. Det er med utgangspunkt i denne boka at historikar Ole-Albert Nordby snakkar om forholdet mellom religion og politikk på den lange vegen frå kristninga av Noreg fram mot reformasjonen.

Når vi opnar denne bibelutgåva er det ikkje den religiøse, men den politiske bodskapen som først møter oss: Her spelar Christian III og våpenskjoldet hans hovudrolla. Kvifor var kongen sjølv så viktig i ei bok som handlar om Gud og frelse? Kva er eigentleg forholdet mellom makt og religion – mellom det vi trur på og dei som bestemmer? Her skal vi trekke trådar frå mellomalderen, gjennom reformasjonen og fram til vår eiga tid.

Ekstra ressursar

I denne lista finn du lenker til ekstra ressursar du kan nytte i undervisingsopplegg knytt til Magnus Lagabøtes landslov.