Kampen om naturen

Ved Mikkel Berg-Nordlie
Varar i ca. 30 minutt
Tilgjengeleg no

Den samiske aksjonen mot utbygginga av Alta-Kautokeino-vassdraget på 70- og 80-talet vart eit vendepunkt for forholdet mellom det norske og det samiske samfunnet. Men konfliktene rundt naturressursane i Sápmi pregar liv og nyheitsbilde også i dag. Demonstrasjonane mot vindturbinar på Fosen i februar 2023 hadde mange fellestrekk med Alta-aksjonen. I begge sakane stod ei kraftutbygging i regi av den norske staten i konflikt med urfolksrettar, og i begge sakane var motstanden organisert av samar og naturvernarar i fellesskap.

I den tradisjonelle samiske kulturen spelar naturen ei viktig rolle både økonomisk og religiøst. I dagens samfunn fungerer dei samiske tradisjonsnæringane – som reindrift og fiske – ikkje berre som næringsgrunnlag. Dei dannar også eit grunnlag og eit forsvarsverk for vidareføringa av samisk kultur.

Korleis har tankane rundt eigarskap over landområda i nord endra seg gjennom historia? Korleis har ideen om den norske nasjonen påverka samisk kultur og folk? Kven bestemmer over naturressursane i Sápmi?

Mikkel Berg-Nordlie er forskar med fokus på minoritetsspørsmål og forholdet mellom stat og sivilsamfunn ved OsloMet. I dette foredraget fortel han om forholdet mellom stat, urfolk og natur i Noreg og Sápmi.