Journalistikk i krigstider
Foredrag ved Amund Bakke Foss, ca. 20 minutt
Kva betydning har media i krig?
Under andre verdskrigen vart NRK sine radiosendingar laga i London. Nyheitsankeret Toralv Øksnevad vart kjend som «stemma frå London», og fortalde mellom anna lyttarane om nazistane sin landgang i Noreg 9. april 1940. I 2024 har vi ikkje berre éin nyheitskanal i landet. Og når krigshandlingar skjer i Ukraina, Kongo eller på Gaza, les vi kanskje ikkje ein gong om det i eit tradisjonelt nyheitsmedium, men like gjerne via sosiale medium.
Kva slags makt og påverknadskraft har media i dagens samfunn? Kva er samanhengen mellom media, demokrati og ytringsfridom? Kva slags informasjon og kva slags stemmer får vi tilgang til via ulike nettsider sosiale medium?
I dette foredraget utforskar utanriksjournalist Amund Bakke Foss ulike spørsmål knytt til media si rolle i dagens krigar. Bakke Foss jobbar til dagleg i VG.