Tilbud til skoler

Nasjonalbiblioteket inviterer vidaregåande skular på fleire ulike omvisingar i lokala våre på Solli plass. I tillegg tilbyr vi mange digitale foredrag som kan brukast på vidaregåande skular i heile Noreg. Tilbodet er gratis.

Skoleelever på besøk i Nasjonalbibliotekets faste utstilling «Opplyst». Foto: Gorm K. Gaare

Omvisingar i utstillingane på Solli plass

Frå og med veke 41 opnar vi opp igjen for skuleomvisingar i den populære utstillinga Opplyst. Glim frå ei kulturhistorie. Som i fjor kan du velje mellom seks ulike omvisingsruter for klassa di. Nytt av året er at besøket også vil omfatte eit relatert undervisningsopplegg om kjeldekritikk.

I Nasjonalbibliotekets kartsenter tilbyr vi omvisingar for skuleklasser gjennom heile hausten.

Digitale produksjonar til klasserommet

Kva betydning har media i krig? Kva slags stemmer og informasjon får vi tilgang til via redaksjonelle og sosiale medium? Med utgangspunkt i NRK sine radiosendingar frå 2. verdskrigen – bevart i Nasjonalbiblioteket sine samlingar – snakkar utanriksjournalist Amund Bakke Foss om media si rolle i historiske og samtidige krigar i det nye digitale skuleforedraget Journalistikk i krigstider.

Det vil også vere høve til å melde seg på populære digitale skuleforedrag frå tidlegare år, mellom anna Å heie på Nora, Lyden av tilhørighet og Kampen om naturen.

Pedagogiske opplegg til gjennomføring i klasserommet

Frå Nasjonalbiblioteket sitt skuletilbod kan du i haust også få tilgang til heilt nye oppgåvesett, utvikla spesielt til å passe saman med tre av dei digitale produksjonane våre. Oppgåvene er i utgangspunktet utarbeida for dobbelttimar og høyrer til foredraga Litterære kulturmøter i mellomalderen, Makt og tru i Noreg frå kristninga til reformasjonen og Kven bestemmer kva som er rettferdig?

Både digitale og fysiske arrangementer krev påmelding. Trykk her for å melde på klassa di!