Tilbud til skoler

Nasjonalbiblioteket inviterer elevar i vidaregåande skule til fleire ulike omvisingar i lokala våre på Solli plass. I tillegg tilbyr vi eit breitt utval digitale føredrag som kan nyttast på vidaregåande skular i heile Noreg. Tilbodet er gratis.

Rett vest

7. mai opnar Nasjonalbiblioteket dørene til den nye utstillinga Rett vest. Drømmen om et bedre liv i Amerika. Utstillinga følgjer i fotspora til dei norske utvandrarane som søkte eit nytt liv på andre sida av Atlanterhavet. I dei vestlege grenseområda av den nye amerikanske staten kunne nordmennene kjøpe billige tomter – på land som inntil nyleg hadde vore busett av urfolket.

I løpet av skulebesøket får elevane lære meir om draumar, liv og samfunn i dei norske koloniane, og blant nordmenn i amerikanske storbyar. Vi tilbyr omvisingar for skuleklasser i juni og til hausten.

Omvising i andre utstillingar

I dei permanente utstillingane Opplyst. Glimt frå ei kulturhistorie og Kartsenteret tilbyr vi fleire omvisingar med ulike tematiske ruter. I Opplyst finst det seks ulike omvisingar å velje mellom, og i Kartsenteret tre. Under besøket blir klassene delt i to grupper. I tillegg til omvising i
utstillinga, deltek elevane også på eit undervisningsopplegg tilpassa tematikken.

Digitale produksjonar til klasserommet

Nasjonalbiblioteket har også eit digitalt tilbod til gjennomføring i klasserommet. Dei digitale foredraga våre tek for seg tema som ytringsfridom, krigsjournalistikk, mellomalderhistorie og litteraturhistorie. Halvparten av foredraga har også tilhøyrande oppgåvesett utarbeida for ein dobbelttime. Her kan du sjå heile det digitale tilbodet!

Både digitale og fysiske arrangement krev påmelding. Trykk her for å melde på klassa di!