Viser
Som arkiv for norsk vise- og songtradisjon driv Nasjonalbiblioteket med fagleg formidling av eldre folkeviser og litterære songar, gamle slagerar, revyviser og låttekster, så vel som visene i samtida vår.
Samlinga etter tidlegare Norsk Visearkiv inneheld mellom anna eldre folkeviser og litterære songar, gamle slagerar og revyviser, låttekster og viser frå samtida vår på plater, i bøker, skillingstrykk og manuskript. Mykje av samlinga er førebels ikkje tilgjengeleg på nett i katalogform. Den beste inngangen til dette materialet er difor å ta kontakt på e-post og forklare kva ein er ute etter.
Visekatalogen
Visekatalogen er fyrst og fremst ein reiskap for å finne fram til viser. Du kan søkje på visetittel, fyrstelinje, refreng, tekstforfattar, komponist og utøvar. Dessutan er det mogleg å søkje på sjanger og emneord. Då får du ei liste over medium der visa finst (i bøker, musikktrykk, skillingstrykk, manuskript eller på lydopptak).
Balladeprosjektet
Balladeprosjektet har som mål å publisere vitskaplege kjeldeutgåver av tekster og melodiar til norske mellomalderballadar. I november 2016 publiserte vi versjonar av 265 balladetypar med eigne innleiingar på bokselskap.no. Samstundes blei utgjevinga av firebindsverket Norske middelalderballader: Melodier sluttført i samarbeid med Norsk folkeminnelag og Spartacus forlag.
Formidling
Nasjonalbiblioteket formidlar kunnskap om norsk vise- og songtradisjon gjennom referansearbeid, visekatalogen.no, bokproduksjonar, konferansar, seminar, utstillingar og arrangement.
Fagpersonalet på musikkseksjonen er tilgjengeleg for rettleiing og referansearbeid, ta kontakt via e-post .