Klassisk musikk

Nasjonalbiblioteket har den største samlinga av klassisk musikk i landet.

Bilde av koralbok - noter

Samlinga inneheld hovudsakleg norsk klassisk musikk, samtidsmusikk og opera, men omfattar òg ei stor utanlandsk note- og referansesamling. Heile samlinga inneheld både publisert og upublisert materiale som lydopptak, notetrykk, musikkmanuskript, bøker, tidsskrift og privatarkiv.

Trykte notar

Samlinga inneheld notetrykk utgjevne i Noreg frå 1700-talet og fram til i dag. Nasjonalbiblioteket har også ei stor samling utanlandske notar. Ein kan søkje opp notetrykka i Oria,  Nornoter og Samnoter.

Musikkmanuskript

Nasjonalbibliotekets samling av musikkmanuskript inneheld materiale etter dei fleste norske komponistar. Manuskripta blir fortløpande digitaliserte, og gjorde tilgjengelege i  nettbiblioteket. Søk i samlinga:

Nettbiblioteket: Digitaliserte musikkmanuskript er tilgjengelege herifrå.

Hanske: Katalogen over musikkmanuskript i Nasjonalbiblioteket finst her.

Anna materiale

I tillegg til notemateriale finn du bøker og tidsskrift om musikk, konsertprogram, lydopptak (OriaNordisko) og arkiv frå musikkinstitusjonar hjå oss. Vi har også mykje privatarkivmateriale etter norske komponistar, utøvarar og andre private aktørar innan klassisk musikk i Noreg.

Tilgang

Delar av samlinga er førebels ikkje tilgjengelege i katalogar på nett, og vi rår difor brukarar til å vende seg direkte til oss med spørsmål om materiale som ein ikkje finn på nettsidene til Nasjonalbiblioteket.

Fagpersonalet på musikkseksjonen er tilgjengeleg for rettleiing og referansearbeid på lesesalen, via e-post eller telefon 23 27 61 60.