Utlysing av middel til leselyst-prosjekt i Bokåret 2019
Nasjonalbiblioteket inviterer no organisasjonar som fremmer lesing til å søke om støtte til prosjekt som skal skape interesse og begeistring for bøker, litteratur og lesing i Bokåret 2019.
- 12.10.2018
– Vi veit om mange relevante fagmiljø og dyktige folk rundt omkring i landet! No ventar vi spent på gode søknadar om middel til å lage arrangement, kampanjar og litteraturformidlingar i bokåret, seier prosjektleiar for Bokåret 2019, Liv Gulbrandsen.
Det blir ikkje stilt nokon krav til forma på arrangementa eller kva slags målgrupper dei rettar seg mot. Ein kan til dømes søke om middel til kultur- og litteraturformidlingsaktivitetar, foredrag, samtalar, debattmøte, læringsaktivitetar og arrangementsseriar. Det som må ligge i botnen, er at dei skal bidra til å skape interesse for bøker og lesing.
I samband med Bokåret 2019 har regjeringa i sitt forslag til statsbudsjett sett av 30 millionar kroner av spilloverskotet frå Norsk Tipping til lesefremmande tiltak. Midla som no blir lyste ut vil utgjere omkring halvparten av denne tildelinga. Den andre halvparten vil gå til lesefremmande tiltak i bibliotek. Dette er den største satsinga på lesing i Noreg på nesten 20 år.
Sjå full utlysing på Bibliotekutvikling.no. Søknadsfrist er 9. november.
Bokåret 2019 markerer 500-årsjubileet for den første norske trykte boka. I tillegg til den storstilte satsinga på lesing og leselyst i Noreg, vil norsk litteratur bli synleggjord internasjonalt på bokmessa i Frankfurt, der Noreg er valt ut som hovudland. Nasjonalbiblioteket har etablert fleire forskingsprosjekt i samband med bokåret, og set hausten 2019 opp ei stor bokhistorisk utstilling.