To nye bygg styrker Nasjonalbiblioteket sitt arbeid med digitalisering av kulturarven i Mo i Rana

En person klipper en rød snor under en åpningsseremoni i en bygning, omgitt av flere mennesker.
Kultur-og likestillingsminster Lubna Jaffery opna dei nye bygga på Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana. – Foto: Karolina Gorzelańczyk /

Det nye lydlaboratoriet og automatlageret til Nasjonalbiblioteket gir eit viktig løft til arbeidet med å sikre og gjere tilgjengeleg den norske kulturarven. No står dei to nye bygga klare, og 25. februar vart dei opna av kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

– I år er det 35 år sidan det dåverande Kyrkje- og kulturdepartementet kom med ideen om å bygge eit laboratorium som dette. Mykje har kome på plass sidan då, men dette løfter digitaliseringa til heilt nye høgder, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

 – Å sikre minnet vårt for ettertida på denne måten – det er heilt uvurderleg. Det som no blir digitalisert og gjort tilgjengeleg her i Mo i Rana, fortel litt av historia om kven vi er og kven vi har vore her i landet. Så dette er ein stor dag – ikkje berre for oss som lever i dag, men òg for alle som kjem etter oss!

Rom for meir digitalisering

Nasjonalbiblioteket har auka bemanninga med 70 nye tilsette for å kunne digitalisere kulturarvmateriale for alle museum, bibliotek og arkiv i Noreg. Dei nye bygga gir plass til denne store satsinga.

– Desse anlegga gir oss moglegheit til å digitalisere kulturarvmateriale i eit heilt nytt omfang. Vi kan jobbe meir effektivt, med høgare kapasitet enn nokon gong før, seier assisterande nasjonalbibliotekar Trond Myklebust.

Bygning%20med%20dekorert%20fasade%20i%20vinterlandskap.
Fasaden på det nye lydlaboratoriet er dekorert av kunstnar Sverre Gullesen. Foto: Karolina Gorzelańczyk / Nasjonalbiblioteket

Gode dimensjonar

Dei to nybygga utgjer totalt 4 500 kvadratmeter og gir rom for utvida digitalisering og bevaring av kulturarven.

Automatlager 3 (ca. 2 500 m²) inkluderer

  • ny logistikksentral for mottak av arkivverdig materiale
  • fryserom for skånsam nedkjemping av skadedyr
  • automatisk lagringsløysing for mellomlagring
  • etasje dedikert til digitalisering av bøker, tidsskrift, aviser og arkivmateriale
  • kulvertsamband til fjellanlegget, tilpassa sjølvkøyrande robotar (AGV)
  • ny tilkomstveg for levering av arkivverdig materiale

Lydlaboratoriet (ca. 2 000 m²) består av

  • lyddigitaliseringsrom og lydstudio
  • kontor- og arbeidslokale
  • mottak og handteringsområde for lyddigitalisering
  • lager for lydavspelingsutstyr
  • heisautomat for skånsam oppbevaring og flytting av følsamt utstyr

Lydlaboratoriet er eit teknisk avansert bygg med strenge krav til akustikk og inneklima. I tillegg er det bygd ein ny garasje og ei gangbru som bind automatlager 3 saman med resten av bygningsmassen.

Byggeprosessen

Statsbygg fekk i 2020 oppdraget med å planlegge prosjektet, og bygginga starta i 2022. Med ei kostnadsramme på 317 millionar kroner vart anlegga ferdigstilte innanfor både tidsplanen og budsjettet.

– Det er ei stor glede for meg å representere Statsbygg når vi no markerer ferdigstillinga av automatlager 3 og lydlaboratoriet i Mo i Rana – innanfor tid og kostnadsramme, seier avdelingsdirektør i byggherreavdelinga, Merete Hoff.

Kunstutsmykking 

Til fasaden på lydlaboratoriet har kunstnaren Sverre Gullesen utvikla eit stort og integrert verk med utgangspunkt i lyden frå dei første voksrullopptaka av folkemusikk som finst i arkivet til Nasjonalbiblioteket. Inne har han montert ein veggskulptur i betong. Verka er kuraterte av KORO.

 – Sverre Gullesen er fødd og oppvaksen i Mo i Rana. At kunstprosjektet har denne lokale forankringa, er noko vi er litt ekstra stolte av, seier direktør Øystein Strand i KORO.

Lokale entrepenørar

MBA AS har vore totalentreprenør, og Haaland AS har vore totalteknisk underentreprenør. Begge er lokale verksemder i Mo i Rana.

Alt%20text%3A%20Moderne%20trebygning%20i%20sn%F8dekt%20landskap.
Det nye automatlager 3. Foto: Karolina Gorzelańczyk / Nasjonalbiblioteket

Følg pressemeldinger fra Nasjonalbiblioteket

Påmelding av pressemeldinger