Ny bokutgiving frå Nasjonalbiblioteket: Antologi gir ny kunnskap om skeiv lokalhistorie

Skeiv historie har fram til nyleg vore fordekt og lite kjend. I boka Skeiv lokalhistorie teknorske og nordiske forskarar for seg det skeive og det lokale på tvers av skiljet mellom by og land og bidreg til ny kunnskap og forståing av den skeive kulturhistoria.

  • 1. september 2022
Omslagsbilde: Romantisk motiv med kvinner. Ukjent kunstner, utgitt av A. Holberg riksen på kristiania Lithographiske aktiebolag.
Omslagsbilde: Romantisk motiv med kvinner. Ukjent kunstner, utgitt av A. Holberg riksen på kristiania Lithographiske aktiebolag.

Den skeive historieskrivinga har for det meste hatt fokus på storbyane og det urbane. Denne boka samlar for første gang tekstar som på ulike måtar tematiserer skeiv lokalhistorie i eit nordisk perspektiv, og er også den første forskingsbaserte antologien om temaet her i landet.

Med utgangspunkt i det nære, personlege og lokale, gir forskarar frå Noreg, Danmark, Finland og Island oss innsikt i korleis det har vore å leve skeive liv i eit norsk eller nordisk lokalsamfunn i nær og fjern fortid. Boka syner eit stort mangfald av praksisar og kulturelle forståingar.

Gjennom dei 16 kapitla i Skeiv lokalhistorie, ønskjer Nasjonalbiblioteket og forskingsmiljøet rundt Skeivt arkiv ved UiB å motivere fleire forskarar, studentar og lokalhistorikarar til å jakte på kjelder og kunnskap om ulike aspekt ved norsk skeiv historie i åra framover.

Boka lanserast med eit seminar på Nasjonalbiblioteket fredag 16. september kl. 12.00 .

NLIs skriftserie blei oppretta i 1971 og formidlar nyskapande lokalhistorisk forsking ut frå eit vidt tematisk spekter. Publikasjonane tek blant anna utgangspunkt i lokal samfunns-

og kulturhistorie, men speglar også av teori og metodeutvikling i feltet og gir nye inngangar til

lokalhistoria. Utgivingane består både av monografiar, kjeldekritiske utgåver og antologiar. Alle bidrag til serien blir fagfellevurdert.

Her kan du laste ned pressebilete innhaldsforteikning  med namn på bidragsytarar og samandrag av tekstane i boka.

Skeiv lokalhistorie
Kulturhistoriske perspektiver på sammekjønnsrelasjoner og kjønnsoverskridelser

Dag Hundstad
Tone Hellesund
Runar Jordåen
Marthe Glad Munch-Møller
(red.)

Skrifter frå Norsk lokalhistorisk institutt ved Nasjonalbiblioteket nr. 48

Hefta, 511 sider
kr 199,–
Nasjonalbiblioteket

I sal frå 1. september