Nasjonalbiblioteket syner fram bokhistoriske skattar i jubileumsutstilling
Bøker som er milepælar i norsk bokhistorie, er henta fram frå dei sikre kvelva sine til utstillinga «Lause typar og stramme bind», som opnar i Nasjonalbiblioteket torsdag 19. september. Utvalde dømer frå 500 år med norske trykte bøker, syner korleis utforminga av boka har utvikla seg gjennom ulike historiske og sosiale tilhøve.
- 12.09.2019
– I ei tid kor vi spør oss om e-boka er starten på slutten for boktrykkarkunsten, tek vi føre oss bokhistoria i hundreåra som har gått sidan Gutenberg introduserte dei lause skrifttypane og revolusjonerte boktrykkinga på 1400-talet, seier utstillingsansvarleg Marte-Kine Sandengen.
Historia til den trykte boka i Noreg startar i 1519, då det blei trykt to bøker på norsk initiativ, éi i Paris og éi i København: Breviarium Nidrosiense og Missale Nidrosiense. Det er dette 500-årsjubileet vi feirar over heile landet i 2019, og desse bøkene som blir løfta fram på heidersplass i jubileumsutstillinga i Nasjonalbiblioteket.
– Den vesle almanakken frå 1643, som er den første boka trykt på norsk jord, blir òg å sjå i utstillinga, fortel Sandengen. – Vi har også henta fram den første norske pocketboka, En ung pikes historie, som kom ut i 1949, og ei eventyrbok av Chr. Asbjørnsen frå 1859 – ei av våre aller første bøker med ein illustrasjon på framsida som er knytt til innhaldet i teksten.
Utstillinga teiknar eit bilete av korleis dei fysiske kvalitetane ved boka – format, skrift, papir, illustrasjonsteknikkar, innbinding – har verka inn på lesaren si oppleving av teksten.
– Materialiteten til bøkene uttrykker ofte ei meining. At dei er trykte med ein særskild type og papirkvalitet, korleis dei er innbundne, om dei er store eller små – alle desse aspekta gir lesaren ei rekke føringar allereie før han byrjar å lese i boka, seier bokhistorikar Anne Eidsfeldt, som er fagansvarleg for utstillinga.
I utstillinga får du sjå korleis dei fysiske kvalitetane til boka har vore nytta av forfattarar og utgjevarar for å nå ut til bestemte målgrupper og til å legge føringar for lesarane.
– Bjørnstjerne Bjørnson nytta til dømes ein annan skrifttype når han skulle nå ut til bøndene med bøkene sine, enn når han retta seg mot borgarskapen. Og forteljinga om Snorre sel, som i førsteutgåva frå 1941 hadde illustrasjonar som markerte ein politisk motstand mot okkupasjonsmakta, blei i 1972 gitt ut med nye illustrasjonar der den politiske bodskapen var heilt borte, fortel Anne Eidsfeldt.
Etter 500 år med trykte bøker, står vi no midt oppe i noko som kan vere byrjinga på eit nytt paradigmeskifte i bokhistoria. Utstillinga blir difor avrunda med ei e-bok.
– Når vi gjennom utstillinga har sett korleis boka si form har påverka lesaren si oppleving av teksten, må vi òg spørje kva det har å seie for oss at vi med e-boka ikkje kjenner teksturen i papiret, høyrer lyden av å bla, eller kjenner lukta av sverte, seier utstillingsansvarleg Marte-Kine Sandengen.
I løpet av hausten vil du kunne delta på ei rekke arrangement på Nasjonalbiblioteket som er knytt til jubileumsutstillinga og Bokåret 2019. Alle arrangementa blir strøymde på nb.no, slik at dei er tilgjengelege for publikum over heile landet.
UTSTILLING I NASJONALBIBLIOTEKET, 19.09.2019–18.01.2020:
LAUSE TYPAR OG STRAMME BIND.
NORSKE, TRYKTE BØKER I 500 ÅR
Fagansvarleg Anne Eidsfeldt gir omvisingar i utstillinga desse dagane:
Torsdag 19. september, kl. 18
Laurdag 21. september, kl. 13
Tysdag 24. september, kl. 14.30
Tysdag 8. oktober, kl. 14.30
Torsdag 24. oktober, kl. 17.30
Torsdag 31. oktober, kl. 17.30