Nasjonalbiblioteket løfter fram verdifulle handverkstradisjonar på sin årlege handverksfestival
Nasjonalbiblioteket inviterer til ein innhaldsrik handverksfestival som vil feire og bevare dei verdifulle handverkstradisjonane våre. Frå 22. til 24. september vil Solli plass yre av ei rekke praktiske verkstader, samtalar og foredrag, leia av dyktige fagfolk og kjende kulturpersonar. Her kan du utforske gamle handverksferdigheiter og diskutere kva rolle dei har i dagens samfunn.
På programmet:
- Verkstader med muring, smiing, spikking, brygging, vedstabling, trådsløyd, lærarbeid og meir
- Møt deltakarar, som Elias Akselsen, Nina Stensrud Martin, Torbjørn Røe Isaksen, Torgny Amdam og mange fleire
- Samtalar og foredrag om alt frå romantiseringa av handverksyrket til hipsteren si rolle for handverkstradisjonane
- Lær om romanifolkets handverkstradisjonar, som trådsløyd og knivmaking
- Filmvisningar og bibliotekressursar knytt til tradisjonshandverk
Verdifull kulturarv som kan gå tapt
Handverkstradisjonar har blitt møtt med ei heilt ny interesse dei siste åra. Folk liker å lage ting sjølv, og deler idear og kunnskap med kvarandre, uavhengig av alder og geografi. Samstundes står nokre av dei gamle handverka våre i fare for å bli gløymde.
– Handverkstradisjonane er høgst levande og ein sentral del av vår felles kulturarv. Med denne årlege festivalen løfter vi fram tradisjonshandverk det er viktig å halde i live og auke kjennskapen til, seier leiar for redaksjonell formidling ved Nasjonalbiblioteket Eirik Kydland.
Verkstader, samtalar og festtale
På handverksfestivalen kan du utforske ulike teknikkar og fordjupe deg i nokre av dei eldste tradisjonshandverka våre gjennom verkstader, foredrag og samtalar.Under kyndig rettleiing av fagfolk kan du lære deg å brygge kveikøl, sy din eigen skinnpung, spikke ein smørkniv og lage ein trådvisp etter romanifolkets tradisjonar.
I ei panelsamtale diskuterer statsvitar og redaktør Torbjørn Røe Isaksen det problematiske ved romantiseringa av handverksyrket med murar og kroppsbyggar Lise-Marie Sommerstad, sosiolog og elektrikar Jørn Ljunggren og snikkar og forfattar Ole Thorstensen.
Med hipsterane har gamle handverkstradisjonar fått ein ny status. Til festivalen kjem skribent og medievitar Torgny Amdam for å ta oss med bak biletet av posørane og inn i hipsteriet som ei drivande kulturkraft i festtala si til hipsteren.
Handverk frå romanikulturen
Trådsløyd og svepemaking har lange tradisjonar i romanikulturen, og kniven er eit viktig symbol for romanifolket. NRK-journalist Nina Stensrud Martin møter artist og knivmakar Elias Akselsen, knivsamlar Roger Johansen og konservator ved Glomdalsmuseet Mari Møystad til ein samtale om kulturarv og knivtradisjonar blant romanifolket, før Akselsen held minikonsert saman med trekkspelvirtuos Stian Carstensen.
Festival ute og inne heile helga
Nasjonalbiblioteket tek i bruk uteområdet sitt, og opnar handverksfestivalen med bålpanne og brygging av kveikøl fredag 22. september kl. 18. Festivalen held fram heile laurdag og fram til søndag 24. september kl. 16.00. Her kan du få ein oversikt over alt som skjer på festivalen gjennom helga.
Heile festivalen gjennom viser vi filmar om fleire handverk og eldgamle teknikkar, og du kan bla i bøker og andre trykksaker. Treng du ytterlegare fordjuping, kan du få hjelp av ein bibliotekar med å finne relevante bøker og filmar om tradisjonshandverk i nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket.
Fredag arrangerer Nasjonalbiblioteket eigne verkstader for skuleklassar.
Kafé Å tilbyr matservering heile helga.
Handverksfestivalen er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.
Tid og stad:
- 22.–24. september
- Nasjonalbiblioteket, Solli plass, Oslo
- Festivalen er gratis og open for alle
- Alle scenearrangement strøymast