Nasjonalbiblioteket gir ut Magnus Lagabøtes landslov i to nye omsettingar

Vakkert utsmykket skinnbok med gullpreg som ligger i en åpen eske av bått linstoff.
Praktutgåva har ei klassisk innbinding i eit resirkulert skinnmateriale som er foredla med gullpreg. Ho er beskytta av ei vakkert utsmykka eske trekt i blå lin. Foto: Anders Bergesen

Magnus Lagabøtes landslov blei innført i 1274, og var Noregs lovbok i meir enn 400 år. I høve Landslovjubileet 2024 gir Nasjonalbiblioteket ut Landslova i nye omsettingar for første gong på 100 år. Lovboka blir gitt ut i ei praktutgåve med særs vakker utforming, og ei folkeutgåve som er tilrettelagt for eit allment publikum.

Ein eigen versjon av praktutgåva er utforma spesielt for H.M. Kong Harald. Boka blir overrekt til Kronprinsregenten, som tek ho imot på vegne av Kongen, ved den offisielle opninga av Landslovjubileet 2024 på Slottet, onsdag 31. januar.

Praktutgåve av Landslova
Praktutgåva er ei parallellutgåve med norrøn og nynorsk tekst side om side. Magnus Rindal har syntetisert og omsett lova.

Designet til praktutgåva av Magnus Lagabøtes landslov er inspirert av den vakre Codex Hardenbergianus frå 1300-talet, der kvar bolk byrjar med ein gullprega og utbrodert bokstav. Symbolikken i dei slåande illuminasjonane i Codex Hardenbergianus er i praktutgåva vidareført og omsett til eit moderne formspråk.

Her kan du bla i praktutgåva.

Folkeutgåva av Landslova

Folkeutgåva av Landslova er omsett til bokmål og språkleg tilrettelagt for eit breitt allment publikum. Ho er utstyrt med rettleiande ordforklaringar.

Bokmålsomsettinga av Landslova er gjort av Jo Rune Ugulen Kristiansen, som òg har skrive eit forord til boka. Magnus Rindal har skrive introduksjonen til folkeutgåva.


Begge utgåvene av Landslova blir gitt ut i samband med forskings- og formidlingsprosjektet «De norske middelalderlovene». Prosjektet har mottatt støtte frå Elvekallen ved Astrid Lærdal Frøseth.

Om Magnus Lagabøtes landslov
Magnus Lagabøtes landslov av 1274 var det første lovverket som gjaldt for heile det norske riket, og ho verka i Noreg gjennom 400 år. Landslova la spira til den norske rettsstaten og folkeleg medbestemming, som er ein føresetnad for demokratiet slik vi kjenner det i dag. Lova bygde vidare på den gamle norske tingtradisjonen, samtidig som ho var påverka av banebrytande tankar og idear som var i vinden i Europa på 1200-talet. Med Landslova fekk kvinner for første gong arverett, og fattige som ikkje klarte å brødfø seg sjølve, skulle ikkje lenger straffast for å stele mat. Landslova er eit symbol på korleis Noreg i mellomalderen hadde ein sentral plass i det politiske og intellektuelle Europa.Gjennom 2024 blir 750-årsjubileet for Landslova feira over heile Noreg.

Praktutgåve: Magnus Lagabøtes landslov 
Og viktige rettarbøter 1280–1327
Syntetisering og omsetting: Magnus Rindal 
Forord: Magnus Rindal; Aslak Sira Myhre og Jørn Øyrehagen Sunde
Design: Anders Bergesen, Superultraplus Designstudio
Målform: Norrønt og nynorsk 
Utgivar: Nasjonalbiblioteket
Utgivingsår: 2024 
Innbinding: Skinninnbunden og med bokeske
Sidetal: 356
Pris: 3999,–

Folkeutgåve: Magnus Lagabøtes Landslov

Omsettar: Jo Rune Ugulen Kristiansen
Forord: Jo Rune Ugulen Kristiansen
Introduksjon: Magnus Rindal
Design: Anders Bergesen, Superultraplus Designstudio
Målform: Bokmål og nynorsk (forord og introduksjonstekst)
Utgivar: Nasjonalbiblioteket
Utgivingsår: 2024 
Innbinding: Fleksibind
Sidetal: 196
Pris: 399,–