Nasjonalbiblioteket gir 15,5 millionar til biblioteka
Nasjonalbiblioteket har fordelt 15,5 millionar kroner til over 100 formidlingstiltak i norske folkebibliotek. Nær tre firedelar av dei innkomne søknadane har fått støtte, og over halvparten av landets kommunar er omfatta av tildelingane.
- 01.12.2020
Tiltaksmidla er ein del av Nasjonal bibliotekstrategi 2020–2023, som regjeringa la fram i fjor.
– Gjennom fem år med nasjonale bibliotekstrategiar har biblioteka utvikla seg til å bli sentrale møteplassar for debatt og kulturformidling i lokalsamfunna. No styrker vi biblioteka si rolle som folkeopplysarar ved å gi støtte til formidling, seier nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre.
Prosjekt- og utviklingsmidla skal i hovudsak stimulere og bidra til utvikling av nye bibliotektenester, formidling av innhaldet i biblioteka og utprøving av nye samarbeidsformer.
– Mange har fått støtte til å styrke samarbeidet med skolar og barnehagar, fortel avdelingsdirektør ved Nasjonalbiblioteket Svein Arne Tinnesand. – Det er også mange som vil samarbeide med institusjonar, foreiningar eller arbeidsplassar i kommunen, vere til stades på eksterne arrangement og etablere lesegrupper for unge eller vaksne.
Fleire bibliotek får også middel til å utvikle den digitale litteraturformidlinga si.
– Vi ser at mange ønskjer å nytte utviklingsmidla til å samarbeide på tvers av både kommune- og fylkesgrenser. Til dømes vil folkebiblioteket i Rana koordinere eit samarbeid om formidlingstiltak mellom 16 kommunar i Nordland, fortel Tinnesand.
Fylka Agder, Vestland, Rogaland, Trøndelag og Nordland har planlagt samarbeid om formidlingstiltak mellom ei rekkje kommunar, og fylkesbiblioteket i Viken får 3 millionar kroner til eit samarbeid mellom landets fylkesbibliotek for å styrke formidlingskompetansen til bibliotektilsette. Åtte storbytiltak der folkebibliotek i større kommunar samarbeider med mindre kommunar om tiltak for deling av ressursar, formidlarar eller formidlingsopplegg, får også støtte.
Dei fordelte midla blir finansierte gjennom speleoverskot frå Norsk Tipping og føreset at overføringane til Nasjonalbiblioteket blir opprettheldt på same nivå som i fjor.
Ei oversikt over tildelingane finn du her.
Over nyttår vil biblioteka kunne søke om middel til samarbeids- og utviklingstiltak. Utlysinga av desse midla skal etter planen finne stad i januar.