Nasjonalbiblioteket gir 12,5 millionar til biblioteka
Nasjonalbiblioteket har fordelt 12,5 millionar kroner til 74 formidlingstiltak i norske folkebibliotek. Rundt 85 prosent av dei innkomne søknadane har fått støtte, og nær to tredelar av landets kommunar er omfatta av tildelingane.
- 30.11.2021
Støtta er eit viktig verkemiddel i Nasjonal bibliotekstrategi 2020–2023, som blei lagt fram i 2019.
– Biblioteka har utvikla seg til å bli sentrale møteplassar for debatt og kulturformidling i lokalsamfunna. No held vi fram med å styrke rolla deira som folkeopplysarar ved å gi støtte til formidling, seier avdelingsdirektør ved Nasjonalbiblioteket Svein Arne Tinnesand.
Midla skal bidra til at folkebiblioteka går aktivt ut og formidlar innhaldet sitt i lokalmiljøa, gjerne i samarbeid med andre aktørar, som til dømes institusjonar, foreiningar eller arbeidsplassar i kommunen. Mange har fått støtte til å styrke samarbeidet med skular og barnehagar.
– Variasjonen i søknadane vitnar om stor kreativitet ute i folkebiblioteka, seier Tinnesand. – Nokre vil formidle lokalhistorie, andre vil vere til stades på eksterne arrangement og etablere lesegrupper for unge, vaksne eller framandspråklege, fortel han.
Mange av biblioteka har prioritert å nå ut til ungdom. Fleire bibliotek får også støtte til å utvikle den digitale litteraturformidlinga.
– Vi ser at mange ønskjer å bruke midla til å samarbeide på tvers av både kommune- og fylkesgrenser. Til dømes har storbybiblioteka toårige samarbeidstiltak med mindre nabokommunar for deling av ressursar, formidlarar eller formidlingsopplegg, seier Tinnesand.
Fylka Rogaland og Møre og Romsdal har planlagt samarbeid om formidlingstiltak mellom ei rekkje kommunar, og fylkesbiblioteket i Trøndelag får 3 millionar kroner til å føre vidare eit samarbeid mellom landets fylkesbibliotek for å styrke formidlingskompetansen til bibliotektilsette. Vestfold og Telemark fylkesbibliotek får 950 000 kroner kvart år gjennom strategiperioden til å utvikle og etablere Sommarles som ei nasjonal lesekampanje for barn.
Dei fordelte midla blir finansierte gjennom speleoverskot frå Norsk Tipping og føreset at overføringane til Nasjonalbiblioteket blir oppretthaldt på same nivå som i fjor.