Mat- og handverkstradisjonar frå mellomalderen på Nasjonalbibliotekets handverksfestival

Illustrasjon av blomster og vekster i hvitt, oransje, grønt og brunt. Tittelen Handverksfestivalen 13 til 14 september står øverst.

Huset og uteområdet vil yre av verkstader, scenearrangement, dufter og smaksopplevingar når Nasjonalbiblioteket for tredje gong held handverksfestival på Solli plass, 13. og 14. september. Temaet for årets festival er handverkstradisjonar frå mellomalderen, og mat, helse, plantar og vekstar har ein sentral plass. Handverksfestivalen 2024 markerer også starten på formidlingssamarbeidet mellom Nasjonalbiblioteket og Credo.

– Det er veldig stas at det første arrangementet vi samarbeider om, er Handverksfestivalen, seier kokk, initiativtakar og eigar av Credo, Heidi Bjerkan. – Mange handverkstradisjonar er i ferd med å gå tapt, og eg synest det er viktig å rette merksemda mot kunnskap vi treng å ta vare på.

– Samarbeidet med Credo gjer at vi kan formidle matkultur på nye måtar og gi publikum heilt nye opplevingar på Nasjonalbiblioteket framover, seier Eirik Kydland, leiar for formidlingsredaksjonen ved Nasjonalbiblioteket.

Eit nytt formidlingskonsept er «etande foredrag», der publikum får smaksprøver av maten dei høyrer om gjennom foredraget.

– Å kjenne, smake og lukte er viktig for å kunne forstå ei anna tid og andre tiders handverkstradisjonar. Dette går som ein raud tråd i alt det publikum kan oppleve gjennom Handverksfestivalen 2024, seier arrangementsansvarleg ved Nasjonalbiblioteket Ida Pallin Bostadløkken.

Handverksfestival og Kulturnatt
Handverksfestivalen opnar på Oslo Kulturnatt, fredag 13. september kl. 17, og det blir full aktivitet fram til kl. 23.

Credo tilbyr mellomaldermat og drikke i kafeen gjennom heile kvelden, og her inviterer også kunstnaren PiggsoppSimon Daniel Tegnander Wenzel – oss til å nytte alle sansane våre når han speler stemningsfull musikk og tilbyr duftopplevingar inspirert av mellomalderen.

I ein drop-in-verkstad med Mari Agnethe Haugen og Synnøve Nerland frå Hamar Middelalderfestival kan du lære deg å dyppe lys på gamalt vis, og gartnar Hildur Hauksdóttir frå Klosterhagen på Domkirkeodden gir deg smaksprøver av fleire mellomaldervekstar som ho fortel om. Til festivalen har ho brygga ein urtedrikk av salvie og roseblad, som skal syte for godt humør.

I festivalens første etande foredrag, fredag kl. 18, fortel professor i arkeologi Marianne Vedeler om ulike typar brød og smør dei åt i Norden i mellomalderen. Credos Heidi Bjerkan har bakt brødet du kan smake på undervegs.

I Målstova kan du oppleve ei ekte ridderforteljing frå mellomalderen,nårskodespelar Carl Martin Eggesbø fredag kveld lesfrå Soga om Partalopi, slik skaldar fortalde ho i lystige lag. Lydkunstnar Piggsopp set stemningsfull musikk og lyd til den forunderlege historia om prinsesse Marmoria og riddar Partalopi, medan førsteamanuensis Stefka Georgieva Eriksen gir ei kort innføring i historia.

Bli med på plantesanking, duodji, plantefarging og spikking
Laurdag 14. september startar festivalen opp igjen kl. 10. Då kan du bli med Hildur Hauksdóttir på plantesanking i området kring Nasjonalbiblioteket for å plukke og lære om plantar som blei brukte på kjøkkenet, til medisin og magi. Etter sankinga lagar de ei lækjande salve til å ta med heim.  

Gjennom heile laurdagen kan du sjølv prøve deg på nokre av handverkstradisjonane frå mellomalderen på dei mange verkstadane.

Klede og gjenstandar i fiskeskinn har vore vanleg i mange samiske og kvenske samfunn. Lea Marie Mikkelsdatter Lund og duojár Hilde Marie Lund tar med seg fiskeskinn som dei sjølve har skrapa, vaska og tørka, og held verkstad laurdag kl. 10 og 13.30, der du får høyre om dei ulike delane av denne prosessen.

Du får også lære å farge brodergarn med krapprøter og bjørkeblad, slik dei gjorde det i mellomalderen, når kunstfaglærar og forskar ved OsloMet Eva Lutnæs held verkstad i plantefarging. Etter verkstaden får du ta med deg det eigenfarga garnet ditt heim.   

Det er ikkje lett å spikke ei fin skei, men no kan du få prøve deg med hjelp frå to profesjonelle spikkarar. Mari Mosand og Ragnhild Gjems frå Norges Husflidslag har sanka ferskt og mjukt trevirke som dei tar med seg til Nasjonalbiblioteket, og dei stiller også med knivar til å spikke med.   

Kafeen sel byggmjølsgraut denne laurdagen, så når du har spikka ferdig, kan du kjenne korleis det er å ete graut med reiskapen du har laga sjølv.   

Mat, medisin og magi i mellomalderen
Dei åt overraskande variert i Noreg i mellomalderen, og det får du vite meir om i eit nytt etande foredrag med Marianne Vedeler laurdag kl. 15. Vedeler har undersøkt matvanar for fattig og rik i mellomalderen, og i foredraget fortel ho kor variert dei åt. Undervegs i foredraget blir det delt ut smaksprøver laga av Heidi Bjerkan, slik at du få lukte og smake og tygge på det Vedeler fortel om.   

Mat og medisin var gjerne to sider av same sak i Norden i mellomalderen, og folketru og religion spelte også ei viktig rolle. Forskar Karoline Kjesrud ved Kulturhistorisk museum forskar på historia til nyttevekstane, og laurdag kl. 12 kan du høyre henne fortelje om korleis plantar og urtemedisinar, bønner og magiske formlar blei brukte for å kurere sjukdomar på denne tida.

Allereie i norrøne tekstar kan ein lese om reglar og anbefalingar knytte til kjøt. Laurdag kl. 16 diskuterer kjøtfilosof Sophia Efstathiou, matkulturhistorikar Karen V. Lykke og sosialantropolog og vegetarianar Philip Rynning Coker tabu og trendar kring kjøtet, i ein samtale leia av Torvald Hadland, som er sauebonde på Jæren.  

Langbordsmiddag med mellomaldermeny
Ein real fest og langbordsmiddag med mellomaldermeny rundar av Handverksfestivalen 2024, laurdag 14. september kl. 17. Kokk, initiativtakar og eigar av Credo, Heidi Bjerkan, har lese seg opp på kva dei åt i mellomalderen og serverer si tolking av historiske rettar. Maten i mellomalderen var meir fargerik enn du kanskje trur, og du kan forvente mykje urter og krydder!


Tid og stad for Handverksfestivalen 2024:

  • 13.–14. september
  • Nasjonalbiblioteket, Solli plass, Oslo
  • Festivalen er gratis og open for alle
  • Gratisbillettar må hentast ut for å delta på dei fleste verkstadane
  • Alle scenearrangement blir strøymde
  • Festmiddagen laurdag vil koste kr 600 + billettavgift. Her kan du reservere ein plass:
    Bordreservering til festmiddagen.

Heile festivalprogrammet finn du på nb.no.