Mari Boine joikar under arrangement om Alta-aksjonen på Nasjonalbiblioteket

Portrettbilde av kvinne med ustlått hår som ser rett mot deg.
Mari Boine. Foto: Knut Bry

Den verdskjende musikaren Mari Boine joikar under Nasjonalbibliotekets arrangement om Alta-aksjonen, laurdag 18. mars. Niillas Aslaksen Somby og Bjarne Store-Jakobsen kjempa mot utbygging av Altaelva for førti år sidan. Før konserten fortel dei om dei dramatiske folkeaksjonane.

– Mari Boine er ein av dei største artistane våre, og gjennom sitt musikalske virke har ho vore ein faneberar for samisk språk og musikk, seier seksjonsleiar ved Nasjonalbiblioteket Ragna Nordenborg.

Ein av joikane Boine framfører er «Máze». Dette er joiken til bygda som stod i fare for å bli lagd under vatn, som følgje av planane om å byggje ut kraftverket i Alta-Kautokeino-vassdraget. 

– Boines kunstnariske uttrykk tek opp i seg den stadig aktuelle konflikten mellom samiske tradisjonar og storsamfunnet. Vi er utruleg glade for at ho vil framføre ein versjon av den ikoniske «Máze» på Nasjonalbiblioteket, seier Nordenborg.

Alta-aksjonen
I åra mellom 1979 og 1981 blei det arrangert folkeaksjonar, sveltestreik og sivil ulydnad for å stoppe utbygginga av Alta-Kautokeino-vassdraget. Miljøaktivistar og samar kjempa saman for å verne om fisken som svømde i elva, reindrifta, naturen og heile livsgrunnlaget for folka som ville bli ramma av ei utbygging. 

Sjølv om kunst og musikk blei brukt som våpen, var kampen også blodig alvor. Kunstnaren, joikaren og fotografen Niillas Aslaksen Somby var ein av dei som stod fremst i kampen mot utbygginga. Han var med på sveltestreiken framfor Stortinget i Oslo i 1979, og han mista ei hand og eit auge då han prøvde å sprengje ei bru i Alta i 1982.  

Framom Stortinget sveltestreika også ein annan som sidan har via livet til samisk politikk og kamp, Bjarne Store-Jakobsen. Saman fortel dei om kva dei opplevde, og kva dei kjempa for. Publikum vil òg få sjå dei private bileta til Niillas Aslaksen Somby frå aksjonen.  

Kulturhistoria som kunstoppleving
Arrangementsserien «Glimt frå ei kulturhistorie» gir deg kunstopplevingar med utgangspunkt i objekta i Nasjonalbibliotekets faste utstilling Opplyst. Glimt frå ei kulturhistorie. Eitt av desse viktige kulturhistoriske objekta er Arvid Sveens plakat frå Alta-aksjonen.

I samband med arrangementet laurdag 18. mars, blir det omvisingar i utstillinga klokka 15.30 og 17.30, med særleg fokus på nettopp aksjonsplakaten og andre relevante objekt.

Både arrangementet og omvisingane er gratis. Billettar til arrangementet kan hentast ut på nb.no.

Arrangementet blir strøyma til publikum over heile landet på nb.no og Facebook.