Folk vil ha «Ugress»
Seks veker etter lanseringa må Nasjonalbiblioteket trykke opp eit nytt opplag av vårens bokutgjeving, Ugress. Et vilt herbarium. Emil Korsmos klassiske plansjer. Boka har fått strålande meldingar, og har vore på bestseljarlista til Bokhandlerforeningen. Samstundes har dei to førre bøkene frå Nasjonalbiblioteket fått fleire prisar og nominasjonar.
I praktboka Ugress er 90 plansjar med 138 ulike artar av ugras, samla og presenterte saman med skildringar av kor plantane kjem frå, kor dei veks i dag, om kulturtradisjonen deira og korleis dei kan nyttast til medisin og mat.
– Det er flott at dei vakre plansjane til Korsmo frå byrjinga av 1900-talet framleis vekkjer så stor interesse, seier direktør for kulturformidling ved Nasjonalbiblioteket Ida Berntsen. – I vår tid er folk opptekne av korleis vi kan dra nytte av dei ville vekstane, og difor kan desse teikningane, som i utgangspunktet blei laga som eit ledd i kampen mot ugras, vere like aktuelle i dag som for hundre år sidan, seier Berntsen.
Tekstane i boka er skrivne av Liv Borgen, som er professor emerita i botanikk og har vore fungerande seksjonssjef for Botanisk hage i Oslo, der Emil Korsmo gjennomførte fleire av ugraseksperimenta sine i mellomkrigstida.
Emil Korsmos arbeid mot ugras
På byrjinga av 1900-talet var Emil Korsmo statleg utnemnd til å nedkjempe utbreiinga av ugras. Han ga ut over 150 bøker og skrifter om emnet og leia arbeidet med eit omfattande verk som synte fram 1938 artar fordelt på 90 plansjar. Paradoksalt nok blei bileta av dei uønskte plantane svært vakre. Prosjektet var eineståande i sitt slag, og Korsmos detaljrike ugrasplansjar vakte merksemd også utover landegrensene.
Dei to førre bøkene frå Nasjonalbiblioteket, Blod og bein og Charleston i Grukkedalen har både fått nominasjonar og vunne prisar. Dei er av fleire rekna for å vere blant fjorårets beste bøker.
Charleston i Grukkedalen (2019)
- Nominert til Kritikarprisen 2019, i kategorien «beste sakprosabok for vaksne».
- Kåra av Aftenposten til ei av dei 15 beste norske bøkene i 2019.
- Kåra av Dagsavisen til ei av dei 15 beste norske bøkene i 2019.
- Kåra av Forskerforum til ei av dei 10 beste norske bøkene i 2019.
Blod og bein (2019)
- European Design Awards (også kjent som ED-Awards), vinnar av sølv i kategorien bokdesign.
- Art Directors Club Deutschland (også kjent som ADC Deutschland), vinnar av bronse i kategorien bokdesign.
- Kåra av Forskerforum til ei av dei 10 beste norske bøkene i 2019.