Amerikansk norrøn-influensar til Nasjonalbiblioteket

Mann i cowboyhatt, bakgrunn av snødekte fjell og skyer
Jackson Crawford. Foto: Privat

Med sin heilt særeigne stil formidlar dr. Jackson Crawford norrøn kulturhistorie til 280 000 følgarar på YouTube. Torsdag 20. juni kjem den verdskjende amerikanske akademikaren til Nasjonalbiblioteket for å snakke om kvifor det er så stor interesse for å lese engelske omsettingar av norrøne tekstar, og om kva plass det norrøne har i populærkulturen.

– Vi vonar Crawford kan gi oss innsikt i kvifor den gamle kulturen framstår som så spanande for folk, blant anna i USA. Dessutan er vi nysgjerrige på korleis han har klart å bli YouTube-kjendis utan å kompromisse med det faglege i formidlinga si.

Dette seier mellomalderhistorikar Ole-Albert Rønning Nordby, som skal leie samtalen mellom Crawford og norrønfilolog Jòhanna Katrin Friðriksdóttir på Nasjonalbiblioteket.

Det er stor internasjonal interesse for forsking på norrøn kultur og engelske omsettingar av norrøne tekstar. På arrangementet deler Crawford og Friðriksdóttir erfaringar frå forskingsarbeidet sitt og frå korleis ein gjer gamle tekstar tilgjengelege for eit nytt, moderne publikum.

Det norrøne i populærkulturen

Norrøn kultur er sterkt til stades i populærkulturen. Kvifor er det slik? Dette er eit spørsmål som blir tatt opp i samtalen.

Både Jackson Crawford og Jòhanna Katrin Friðriksdóttir har vore historiske konsulentar i utviklinga av store populærkulturelle produksjonar. Crawford mellom anna for dataspelet Assassin’s Creed: Valhalla og Disney-filmen Frost, og Friðriksdóttir for filmen The Northman.

– Vi vonar òg å få eit innblikk i kva ein fagkonsulent gjer i ein produksjon, kvifor dette er ein viktig funksjon og kor det kan gå gale, seier Rønning Nordby.

Politikk og ekstremisme
Eit anna fenomen ein kan sjå i samtida, er at den norrøne kulturen blir brukt politisk, òg på ein ekstremistisk måte. Kvifor appellerer norrøne til høgreekstreme grupper, og kva ansvar har fagfolk i møte med dette? Dette er også spørsmål som blir stilt på Nasjonalbiblioteket denne kvelden.

Arrangementet er gratis og finn stad torsdag 20. juni kl. 18 på Nasjonalbiblioteket, Solli plass i Oslo. Samtalen, som går føre seg på engelsk, blir strøymd på nb.no.

Meir informasjon finn du her: Norrønt: Fra Heimskringla til Hollywood.

DEI SOM DELTAR:

Jackson Crawford
er ein amerikansk forskar, omsettar og poet som spesialiserer seg på norrønt. Han har tidlegare undervist ved University of Colorado, Boulder, University of California, Berkeley og University of California, Los Angeles. Crawford har ein YouTube-kanal der han tar opp norrønt språk, litteratur og mytologi.
Her finn du Jackson Crawfords YouTube-kanal.

Jòhanna Katrin Friðriksdóttir er ein mellomalderforsker som spesialiserer seg på norrøn historie, litteratur og manuskript. Ho har skrive boka Valkyrie: The Women of the Viking World (Bloomsbury, 2020) og gjort den første omsettinga av Magnus Lagabøtes landslov til engelsk. Ho har ein doktorgrad i mellomalderlitteratur frå University of Oxford og jobbar no ved Nasjonalbiblioteket.

Ole-Albert Rønning Nordby er koordinator for mellomalderhistorie ved Nasjonalbiblioteket og prosjektleiar for Landslovjubileet 2024. Han har ein doktorgrad i mellomalderhistorie med spesialisering i rettshistorie frå Universitetet i Bergen.