1,6 millionar deltok i feiringa av Landslovjubileet 2024

Bilde av gammel bok med illuminasjoner som ligger oppslått på en fløyelspute.
Codex Hardenbergianus / kong Magnus Lagabøtes landslov. Foto: Gorm K. Gaare/Nasjonalbiblioteket

750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslov vart ein stor suksess. Grundig forsking og engasjerande formidling over heile landet har vore med på å etablere eit nytt referansepunkt i den norske historieforståinga. Jubileet har nådd ut til 1,6 millionar menneske og vore eit samarbeid mellom små og store aktørar i den norske kultursektoren.

Magnus Lagabøtes landslov frå 1274 var den første riksdekkjande lova i Noreg, og ho påverka livet til heilt vanlege menneske i Noreg i over 400 år.

– Landslova er eit av dei aller viktigaste dokumenta i norsk historie og ein heilt sentral del av den felles kulturarven vår. Vi er glade for å kunne konkludere med at jubileet har vore ei markering som er Landslova verdig, seier nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre.

Nasjonalbiblioteket har stått i spissen for markeringa av 750-årsjubileet til Landslova som nasjonal koordinator, utnemnd av Kulturdepartementet.

Eit jubileum for heile landet

31. januar i fjor møttest utsendingar frå små og store kulturinstitusjonar over heile landet på Slottet i Oslo, der kronprins Haakon erklærte jubileet for offisielt opna. Sidan spreidde feiringa seg over heile landet.

– Alt i alt har Landslovsjubileet nådd ut til 1,6 millionar menneske i heile landet – langt fleire enn vi torde håpe på før jubileet tok til. Landslovsjubileet har blitt eit verkeleg riksdekkjande jubileum, til minne om den første riksdekkjande lova vår, seier Aslak Sira Myhre.

Heile 400 ulike arrangement, i form av forelesingar, samtalar, konsertar, teaterframsyningar og mykje meir, har på ulike vis tematisert og løfta fram lovboka.

I tillegg har historia om Landslova blitt fortald i utstillingar i Bergen, Trondheim, Tønsberg, Hamar, Alta, Narvik, Lofoten og Oslo, der både Stortinget, Kulturhistorisk museum og Nasjonalbiblioteket hatt eigne utstillingar. I Bergen står utstillinga framleis. Plakatutstillinga til Nasjonalbiblioteket har vore vist i nesten 300 folkebibliotek over heile landet.

Ei brukarundersøking viser at kjennskapen til Landslova blant nordmenn auka med 30 prosent i jubileumsåret.

I samarbeid med Stortinget og Nasjonalbiblioteket valde NRK å sende ei 12 timar lang maratonsending om Landslova, der heile lova vart lesen høgt og drøfta, kapittel for kapittel.

Forsking på Landslova og norske kjelder

Denne publikumssuksessen kviler på eit omfattande forskingsarbeid der alle dei ulike manuskripta av landslova er transkriberte, omsette og kommenterte. Det er publisert ei rekkje tekstar og vitskaplege artiklar som ei følgje av dette.

– Forskinga var naudsynt for at Lagabøtes landslov skulle forteljast til publikum på ein skikkeleg måte. Formidlinga så mange har fått med seg, byggjer på eit forskingsprosjekt som  byrja for meir enn ti år sidan, fortel Sira Myhre.

Nasjonalbiblioteket vil halde fram med å forske på, gjere tilgjengeleg og vise fram dei skriftlege kjeldene frå den norske mellomalderen, også etter jubileumsåret. Ein viktig del av prosjektet er samarbeidet med Vatikanet, der ein tek sikte på å digitalisere, transkribere og omsetje alle dokumenta med tilknyting til norsk historie som finst i arkiva der.

Banebrytande formidling

– For Nasjonalbiblioteket har jubileet vore ein suksess både som forskings- og formidlingsinstitusjon, seier Sira Myhre. – Forskinga vår gjer kjeldene frå og kunnskapen om norsk mellomalder tilgjengeleg for fagfolk i framtida, medan formidlinga har gjort ein gløymd del av den felles historia vår synleg for allmenta.

– Det mest banebrytande er likevel at formidlinga har nådd ut til så mange, seier nasjonalbibliotekaren vidare. – Institusjonar i heile landet, nasjonale og lokale, har til saman klart å skape ei interesse for norsk mellomalder som knapt nokon kunne sjå for seg for eit år sidan.

Nasjonalbiblioteket si formidling av Landslovjubileet 

  • Utgjevingane av ei praktutgåve av Landslova og ei meir tilgjengeleg folkeutgåve har vore dundrande suksessar og er selde i nær 3000 eksemplar til saman.
  • Den prisvinnande utstillinga Med lova i hand: Magnus Lagabøtes landslov, 1274–2024, som viste fram nokre av dei flottaste og viktigaste dokumenta frå norsk mellomalder, er med eit publikum på 35 000 den mest besøkte utstillinga nokosinne på Nasjonalbiblioteket.
  • Til saman 15 000 norske skuleelevar, frå alle fylke i landet og nær halvparten av alle vidaregåande skular, har lært om den første riksdekkjande lova i Noreg gjennom Nasjonalbiblioteket si formidling.
  • Nær 15 000 menneske har, fysisk eller digitalt, delteke på eit arrangement knytt til Landslova på Nasjonalbiblioteket.
  • Nasjonalbiblioteket sine podkastar «Gamle greier» og «Dømt: Skjebnar frå mellomalderen» har nådd ut til meir enn 400 000 lyttarar med forteljingar om Landslova.