Nasjonalbiblioteket er sertifisert som Miljøfyrtårn
Nasjonalbiblioteket har gått igjennom rutinar for å få ei meir miljøvennleg drift, samtidig som vi òg har hatt fokus på indre miljø og HMS-arbeid.
Det å investere i miljøtiltak kan også sjåast som ei økonomisk investering, for eksempel gjennom innføring av energisparande prosjekt.
Nasjonalbiblioteket er no forplikta til å legge fram årlege miljørapportar som skal konkretisere framtidig miljøarbeid, og bevisstgjere leiinga og dei tilsette på miljøbelastninga til verksemda, og på kva vi har oppnådd ved å sette inn miljøtiltak.
Nasjonalbiblioteket i Oslo fekk utdelt diplom på Oslo rådhus 27. august 2015, medan Nasjonalbiblioteket i Rana fekk utdelt diplom den 9. februar 2016.