Mandat og strategi

Mandatet til Nasjonalbibliotekets følgjer av Prop. 1 S. Nasjonalbiblioteket er ei viktig kjelde til kunnskap i Noreg. Verksemda omfattar innsamling, bevaring og tilgjengeleggjering av publisert innhald innanfor alle typar medium.

Verksemda til Nasjonalbiblioteket er forankra i lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument (pliktavleveringslova). Føremålet med lova er å sikre levering av dokument med allment tilgjengeleg informasjon til Nasjonalbiblioteket, slik at vitnesbyrd om norsk kultur og samfunnsliv blir tekne vare på og gjorde tilgjengelege som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Som samlingsforvaltar og forskingsbibliotek er Nasjonalbiblioteket ein viktig ressurs i infrastrukturen for norsk forsking. Nasjonalbiblioteket er òg ein kulturpolitisk reiskap for langtidsbevaring av kulturarven og for markeringar i samband med forfattarjubileum. Samlinga utgjer ein unik kunnskapsbase til bruk i notid og i framtid. Basert på utvikling av eigne tenester og eigne erfaringar ber Nasjonalbiblioteket eit spesielt ansvar for å bidra til å utvikle og styrke biblioteka i Noreg som aktive og aktuelle samfunnsinstitusjonar. Som statleg utviklingsorgan for biblioteksektoren skal Nasjonalbiblioteket bidra til å utforme og gjennomføre ein nasjonal bibliotekpolitikk for folke- og fagbibliotek.

Nasjonalbiblioteket skal setje bibliografiske standardar, utvikle bibliografiar og autoritetsregister, drifte fellesmagasin og fjernlån gjennom depotbiblioteket, og er ansvarleg for utviklinga av eit norsk digitalt bibliotek.

Gjennom den digitale samlinga til Nasjonalbiblioteket og tenester som bokhylla.no, og gjennom samarbeid med aviser om å digitalisere og gjere historiske arkiv tilgjengelege, skal det skapast digitale formidlingsløysingar som gjev grunnlag for utvikling av nye tenester i norske folke- og fagbibliotek.

Med Språkbanken skal Nasjonalbiblioteket vidareføre og utvikle ein teknologisk infrastruktur i form av digitale språkressursar. Ressursane skal nyttast til utvikling av kommersielle og ikkje-kommersielle språkteknologiske produkt, offentlege tenester og forsking på språk.

Nasjonalbiblioteket skal vere eit nasjonalt kompetanse- og ressurssenter som andre institusjonar i bibliotek- og kultursektoren kan nytte seg av.

Strategi for Nasjonalbiblioteket 2024–2029

Samfunnsoppdrag og visjon

Nasjonalbiblioteket gir folk i Noreg tilgang til den felles kunnskaps- og kulturhistoria vår. Gjennom å ta vare på, digitalisere og formidle alt som er publisert for offentlegheita, er Nasjonalbiblioteket den viktigaste kjelda til kunnskap om Noreg og norske forhold. Denne tilgangen til kulturarven gir eit unikt grunnlag for oppleving, kunnskap og forsking. Tilgangen er vesentleg for demokrati og eit opplyst offentleg ordskifte, og han er eit grunnlag for identitet og forståing av historie. Eit av dei viktigaste måla til Nasjonalbiblioteket er at flest mogleg kjenner til og bruker den felles kunnskaps- og kulturhistoria vår.

Nasjonalbiblioteket er eit av dei mest ambisiøse og moderne nasjonalbiblioteka i verda, og har ein brei oppgåveportefølje. Mellom anna har Nasjonalbiblioteket ansvaret for nasjonal bibliotekinfrastruktur og ein del sentrale nasjonale bibliotektilbod. Denne strategien skal ikkje gi ei uttømmande skildring av alle oppgåvene til Nasjonalbiblioteket og alle felt vi arbeider på, men peike ut seks hovudområde for strategisk utvikling i perioden. 

Hovudmål og -satsingar i strategiperioden

1. Nettbiblioteket er den viktigaste inngangen til Nasjonalbiblioteket si samling både for forsking og dokumentasjon og for publikum. Digitaliseringa av samlinga til Nasjonalbiblioteket har, saman med avtalar med rettshavarar om tilgang til materialet, gjort det norske nettbiblioteket unikt i verdssamanheng. Nasjonalbiblioteket skal styrke posisjonen til Nettbiblioteket gjennom å

a) vidareføre programmet for digitalisering av den analoge samlinga

b) utvide tilgangen gjennom klarering av rettar og samarbeid med rettshavarar

c) gjere tilbodet kjent for nye grupper av befolkninga 

d) utvikle nye tenester i takt med det veksande digitale arkivet og gjennom bruk av nye digitale verktøy

2. Formidling av norsk historie og kulturarv er ein aukande del av oppgåva til Nasjonalbiblioteket. Den store jobben som blir gjort med pliktavlevering, kunnskapsorganisering og digitalisering, kjem folk til gode gjennom denne formidlinga. Nasjonalbiblioteket skal auke kunnskapen om norsk historie, samfunn og kulturarv gjennom å 

a) styrke det aktive formidlingsarbeidet og søke mot flater og kanalar som når breitt ut til folk i heile Noreg

b) vere ein av dei viktigaste møteplassane for kunnskap om og formidling av norsk kulturhistorie

c) bruke formidlingsarbeidet til å sette søkelys på aktuelle tema og personar, eit arbeid som knyter seg både til jubileum og kjende hendingar, men som òg skal vere med på å få fram nye, ukjende eller marginaliserte delar av historia 

3. Nasjonalbiblioteket er ein forskingsinstitusjon som legg til rette for og driv forsking på si eiga samling. Samlinga og kompetansen til Nasjonalbiblioteket står sentralt i utviklinga av norsk språkteknologi og forskingsinfrastruktur. Utviklinga innanfor kunstig intelligens og maskinlæring har gjort behovet for norsk språk og innhald til utvikling og trening av denne typen teknologi stadig viktigare. Nasjonalbiblioteket skal i perioden særleg styrke arbeidet med å

a) vidareutvikle Nasjonalbiblioteket som forskingsinstitusjon og forvaltingsinstitutt i tråd med samfunnsoppdraget til Nasjonalbiblioteket

b) vidareutvikle Nasjonalbiblioteket som infrastruktur for norsk forsking gjennom samarbeid med relevante aktørar

c) produsere og tilby grunnlagsmateriale til bruk i språkteknologi, maskinlæring og kunstig intelligens 

4. Nasjonalbiblioteket fekk i 2020 i oppdrag å digitalisere heile den norske dokumentbaserte kulturarven. Samtidig blei samarbeidet og samhandlinga mellom Arkivverket og Nasjonalbiblioteket knytt til digitalisering og lagring av fysisk materiale styrkt. Nasjonalbiblioteket skal i perioden utvikle seg som institusjon for digitalisering og bevaring av materiale frå heile ABM-sektoren i Noreg gjennom å

a) behandle audiovisuelle samlingar i kulturarvsektoren og Nasjonalbiblioteket si eiga samling som éi samling i prioriteringa av digitalisering  

b) utvikle fleksibilitet i organisasjonen som gjer det mogleg å prioritere ressursar og folk mellom ulike digitaliseringsoppgåver

c) samarbeide med kulturarvinstitusjonane for å sikre effektive arbeidsprosessar

5. Digitaliseringa av bibliotek og bibliotektenester gjer nasjonal infrastruktur mogleg og nødvendig på stadig fleire område. Samtidig har Nasjonalbiblioteket òg fått ansvaret for nasjonale tenester for fleirspråkleg og tilrettelagd litteratur. Nasjonalbiblioteket skal styrke det nasjonale bibliotektilbodet gjennom å

a) utvikle og drive nasjonal infrastruktur for metadata, fjernlån og bibliotekfagleg kompetanseheving 

b) sikre at tilbod om og formidling av fleirspråkleg litteratur og tilrettelagd litteratur blir best mogleg integrert i bibliotektilbodet elles i sektoren 

c) vidareutvikle tilbodet til personar som på grunn av ei funksjonsnedsetjing har vanskar med å lese trykt tekst

6. Nasjonalbiblioteket skal overvake eigne arbeidsmetodar og arbeidsprosessar for å sikre at ressursane blir utnytta på ein effektiv måte. I strategiperioden vil følgande område bli prioriterte:

a) For hovudarbeidsprosessane i det digitale bibliotektilbodet skal vi utvikle den tverrfaglege teamorganiseringa mellom fagfolk og teknologar med vekt på eigarskap, sjølvstende, iterativ utvikling og kontinuerleg forbetring. 

b) På området for kunnskapsorganisering skal vi i dialog med utgivarar og andre aktørar sikre automatisert metadatafangst og gjenbruk av metadata, og utforske nye metodar for attfinning av kunnskap.

c) I arbeidet med å digitalisere den dokumentbaserte kulturarven skal vi ta i bruk og utvikle teknologi som forenklar og gir effektive produksjonsprosessar.

d) Vi skal fullføre integrasjonen mellom tidlegare NLB og NB med vekt på effektive tenesteleveransar og ved å prioritere å ta i bruk beste kompetanse og beste praksis.

I tillegg har Nasjonalbiblioteket prinsipp og reguleringar som er retningsgivande for verksemda. Desse viser seg i lover, reguleringar og styringsdokument frå Storting og regjering, men nokre av dei vil vi særskilt trekke fram i denne strategiperioden: 

1. Nasjonalbiblioteket skal i virke og drift bidra til å oppfylle berekraftsmåla til FN.

2. Nasjonalbiblioteket skal i virke og drift respektere åndsverk og bidra til å oppretthalde åndsverkrettar for utgivarar og opphavarar. 

3. Nasjonalbiblioteket skal i virke og drift søke å reflektere mangfaldet i den norske befolkninga.

Tildelingsbrev frå Kulturdepartementet