Ledige stillingar
Du kan no søkje jobb i Nasjonalbiblioteket via rekrutteringsportalen vår. Framgangsmåten for å registrere CV og søknad er enkel.
Nasjonalbiblioteket er ein av dei største og viktigaste kulturinstitusjonane i landet, og ein av dei fremste kjeldene til kunnskap om Noreg og norske forhold. Med forankring i pliktavleveringslova samlar vi og tek vare på det som er publisert i Noreg innanfor alle medietyper, som bøker, tidsskrift, aviser, musikk, film, foto, i kringkasting og på nett. I kraft av samlinga og ved å gjere ho tilgjengeleg via digitale tenester, dannar Nasjonalbiblioteket grunnlag for dokumentasjon, forsking, læring og formidling, og bidreg til å skape identitet og tilhøyrsel.
Nasjonalbiblioteket skal bidra til å vidareutvikle norske bibliotek som aktive og aktuelle samfunnsinstitusjonar, og har som mål å vere eit av Europas mest spennande og moderne nasjonalbibliotek.
Vi har 580 tilsette i Oslo og Mo i Rana, og eit budsjett på 680 millionar kroner.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert samansetnad. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte personar til å søkje uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, kjønn eller nedsett funksjonsevne.