Bevaring, konservering og restaurering

Nasjonalbiblioteket er eit nasjonalt kompetansesenter innanfor digital og analog bevaring, konservering og restaurering av alle typar medium. Vi svarar på spørsmål knytt til bevaring og restaurering.

Bevaring

Sikringsmagasin i fjell

Sikringsmagasinet i Mo i Rana er bygd inn i fjell. Fjellet held ein konstant temperatur på 8 °C. Magasinet treng derfor inga oppvarming eller avkjøling. Vi held det relative fuktinnhaldet i lufta på 35 %. All luft, dvs. 16 000 m³, blir skifta ut kvar time. Den nye lufta som går inn i magasinet, inneheld 90 % resirkulert og 10 % frisk luft. I magasinet tek vi vare på eitt eksemplar av alt pliktavlevert materiale som er gitt ut etter 1990, i tillegg til historiske samlingar.

Digitalt sikringsmagasin

Nasjonalbiblioteket har i dag ei omfattande digital samling. Samlinga er skapt både gjennom digitalisering og ved at nytt materiale blir avlevert i digitale format. På same måte som for den fysiske samlinga skal det digitale materialet takast vare på i eit tusenårsperspektiv. Dette krev særskilde tiltak i den digitale verda.
Les meir om digital bevaring her.

Nitratfilmmagasinet

I Mo i Rana finst det også eit eige sikringsmagasin for nitratfilmmateriale. Bygningen inneheld nitratfilm og fotonegativ på nitratbase. Materialet er svært brannfarleg, så konstruksjon og bygningsmateriale er valt av omsyn til brannvernet. Magasinet er delt inn i 36 celler som kan ta inntil 1500 kg film kvar. Klimaet i nitratfilmmagasinet svarar til 8 °C og 50 % relativ fukt.

Automatlager

Dei to automatlagera i Mo i Rana er heilautomatiserte anlegg for uttak og lagring av publikasjonar. Lagera rommar samlinga til Depotbiblioteket, det vil seie bøker, tidsskrift, mikrofilmar, lydbøker og musikk til fjernlån. Anlegget har plass til om lag 72 000 stålkasser, og har ein total lagringskapasitet på 2,5 millionar publikasjonar.

Underjordisk magasin

Magasinet ved Nasjonalbiblioteket i Oslo har materiale fordelt på 30 000 hyllemeter og meir enn 300 skap av ulike typar. Magasinet er i hovudsak eit bruksmagasin, det vil seie at materialet i magasinet kan brukast på lesesalane på Solli plass.

Konservering

Nasjonalbiblioteket har ei eiga konserveringseining for bok-, papir- og fotokonservering. Eininga  handsamar tilstandsvurderingar, driv rådgiving og utfører aktiv konservering.

Spesielle kompetanseområde er materialteknologi, trykketeknikkar, papirhistorie, vassmerke, bokbind, fototeknikkar, digitale analysemetodar og handsaming og utstilling av historisk materiale. Nasjonalbiblioteket fungerer som eit nasjonalt kompetansesenter for rådgiving innan dette feltet.