Jean-Luc Marion
Skaping (norsk)
«Kva tenkjer vi på når vi seier ʻskapingʼ?»
Med dette spørsmålet startar Jean-Luc Marion ei utforsking av korleis omgrepet har blitt smidd til gjennom den metafysiske historia, og korleis dette påverkar synet vårt på skaparkraft i dag. Kjem kunsten frå kunstnaren sjølv eller frå ein annan stad? «Det var noko som skreiv i meg», har Jon Fosse sagt om eiga skriving. Kva er dette «noko»?
Marion ser på skapinga frå ein bibelsk ståstad: ikkje som produksjon, men som godleik, gåve og kjærleik. Dette gir oss eit nytt paradigme der kunstnarleg skaping er ein syns- og lyttemåte: «Kunstnaren lukkast berre i å nå fram til det fullførte verket sitt ved å ikkje finne opp noko.»
Denne boka er den skriftlege utgåva av Fosseforedraget 2025. Jean-Luc Marions Skaping er det fyrste bidraget i ei planlagd rekkje med foredrag om litteratur og kunst – ei satsing til ære for den fjerde norske nobelprisvinnaren i litteratur.
Boka kjem i sal 24. april 2025.
kr 299,–
Forhåndsbestilling
Forfattar | Jean-Luc Marion |
---|---|
Omsetjar | Margunn Vikingstad |
Utgivingsår | 2025 |
Sidetal | 72 |
Innbinding | Hefta |
Målform | Norsk (Nynorsk) |
Serie | Fosseforedraget |
Utgivar | Nasjonalbiblioteket |
ISBN | 9788279655916 |