Puslespel: Cornelis de Jode sitt verdskart frå 1593

På dette verdskartet er jordkloden delt ved ekvator, slik at kartet viser den nordlege og den sørlege halvkula med Nordpolen og Sørpolen i sentrum av kvar sin halvdel. I 1593 var Antarktis enno ikkje oppdaga av europearar, men sidan den nordlege hemisfæren var dekt av store landmassar, gjekk ein ut frå at det var tilsvarande mykje land på den sørlege hemisfæren. Derfor teikna ein inn eit stort kontinent og kalla det Terra australis incognita, «Det ukjende landet i sør».

Verdskartet til Cornelis de Jode finst i kartsenteret til Nasjonalbiblioteket, som husar verdas største samling av kart som skildrar Noreg og Norden. Kartsamlinga til Nasjonalbiblioteket omfattar om lag 150 000 kart, og dekker ei over 500 år lang karthistorie.

kr 299,–

På lager

Motiv

Kart

Format

68 x 48 cm

Design

soSouvenir og Superultraplus