Landslova i nye omsettingar
Landslova i nye omsettingar

I høve Landslovjubileet 2024 gir Nasjonalbiblioteket ut Landslova i nye omsettingar for første gong på 100 år. Lovboka blir gitt ut i ei praktutgåve med vakker utforming, og ei folkeutgåve som er lagt til rette for eit allment publikum.
Magnus Lagabøtes landslov blei innført i 1274. I denne lova ligg spirene til både den norske rettsstaten og den folkelege medbestemminga i styre og stell som er ein føresetnad for demokratiet vårt.










Praktutgåve: Magnus Lagabøtes landslov og viktige rettarbøter 1280–1327 Magnus Rindal (syntetisering, normalisering og omsetting) «Landslova fortel ei anna historie om Noreg. Ho fortel om eit land som i mellomalderen er ein del av europeisk kultur og politikk, eit land med ein lesande og skrivande elite, men også eit lesande og skrivande folk.» – Frå føreordet i boka, ved Aslak Sira Myhre og Jørn Øyrehagen Sunde

Praktutgåva kan du kjøpe i nettbutikken eller i Nasjonalbibliotekets bokhandel på Solli plass. Du kan òg bestille ho i andre bokhandlar.
Praktutgåva av Landslova er òg gratis tilgjengeleg digitalt.





Folkeutgåve: Magnus Lagabøtes landslov Jo Rune Ugulen Kristiansen (omsetting) Magnus Lagabøtes landslov blei innført i 1274, og var Noregs lovbok i meir enn 400 år. Lova hadde avgjerande betydning for norsk politikk og samfunnsliv og var den første lova som gjaldt for heile landet. I Landslova ligg spirene til den norske rettsstaten og ideen om folkeleg medbestemming, som er ein føresetnad for demokratiet vårt.

Landslova er òg tilgjengeleg i ei ny omsetting til engelsk, i serien Routledge Medieval Translations. Omsettar er Jóhanna Katrín Friðriksdóttir, som er forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket.