26
mai

Vinjesong. Nordstoga, Reistad og Vesaas

Lørdag 26. mai 2018, at 14:00 – 15:00
Nasjonalbiblioteket

På songens venger har norske diktarar nådd ut, gjennom songsamlingar, lesebøker og romansehefte. Dette er også tilfelle for Aasmund Olavsson Vinje, som blei fødd for 200 år sidan.
I samband med Vinjes jubileum har pensjonert forskingsbibliotekar Kirsti Grinde registrert tonesettingar til tekstene hans. Oversikta blir tilgjengeleg i Nasjonalbibliotekserien NB tema (under http://www.bokselskap.no ).

Aasmund Nordstoga (song), Åsmund Reistad (gitar) og Olav Vesaas (innleiing og opplesing) feirar jubilanten og markerer utgjevinga gjennom ein konsert med Vinje-dikt. Allsong.

SIKRE DEG PLASS PÅ NASJONALBIBLIOTEKETS ARRANGEMENTER
Et begrenset antall gratisbilletter legges ut i forkant – se lenke i eventet eller på nb.no. Det vil alltid være flere plasser tilgjengelig i døra ved arrangementstart.

Gratis forhåndsbilletter sikrer plass (unummerert) i salen for arrangement ved oppmøte senest ti – 10 – minutter før arrangementsstart.

ARRANGEMENTET ER KNYTT TIL UTSTILLINGA «JOURNALISTIKKEN – FRIDOMENS SJANGER? A.O. VINJE OG NORSK PRESSEHISTORIE»

«Journalistiken begynder med den moderne Civilisation; Friheden fostrede og beskyttede den, og i de Lande, hvor der ingen Frihed er, der er heller ingen Journalistisk; dens Historie er saaledes de enkelte Folks politiske Frihedshistorie». Slik definerer Aasmund Olavsson Vinje journalistikken i den fyrste av fem artiklar om journalistikk i Drammens Tidende januar 1851. Vinje skreiv korrespondansar frå Kristiania i Drammens Tidende i ei årrekkje, før han skipa si eiga avis Dølen i 1858.

I utstillinga Journalistikken –fridomens sjanger? ser Nasjonalbiblioteket nærare på verdien til den frie pressa i norsk offentlegheit dei siste hundreåra. Inspirert av Vinjes programartiklar om journalistikk, og hans journalistiske praksis og kritiske tenking rundt den norske ålmenta på 1800-talet, syner utstillinga nokre av pionerane og dei mest sentrale hendingane i norsk pressehistorie.

Program
4.4. kl. 14 | A.O. Vinje i Drammens Tidende. Fagseminar
5.4. kl. 19 | Retten til å publisere. Knut Olav Åmås, Guri Hjeltnes, Ketil Lund og Trond Haugen om pressefridomens grenser
19. 4. kl. 19 | «Galskab’ er Sandhed, saalænge den bestaar». Historia om fake news ved Trond Haugen
25.4. kl. 19 | Motstand og makt. Hans Fredrik Dahl og Bjørn Westlie om norsk presse under krigen
27.4. kl. 18 | Tvisynt og framsynt. Ane Farsethås, Olav Vesaas, Ottar Grepstad og Arnhild Skre om A.O. Vinje
26.5. kl. 14 | Vinjesong. Aasmund Nordstoga, Åsmund Reistad og Olav Vesaas