Nasjonsbyggjar og folkeopplysar. Moderne bladfyk og folkekjær poet. Profet for målsaka, og martyr i same rørsle. Alvorstung, og på same tid ein skøyar. Han kunne «graata med det eine Augat og læ med det andre.» Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870) har sett tydelege spor etter seg både i eiga samtid og i det Noreg vi kjenner 200 år seinare.
Biografien A.O. Vinje. Ein tankens hærmann av Olav Vesaas kjem i høve Vinje-jubileet i ny utgåve, og direktør i Nynorsk kultursentrum Ottar Grepstad har samla ein bibliografi over alle Vinjes skrifter. Kulturredaktør i Morgenbladet Ane Farsethås er snart aktuell med ei bok om litterær sakprosa og essayistisk journalistikk.No møter dei Trond Haugen, fagansvarleg for Nasjonalbiblioteket si utstilling «Journalistikken – fridomens sjanger?», til samtale om Vinjes liv og virke, og korleis arven etter han lever vidare.
Arrangementet er knytt til utstillinga «Journalistikken – fridomens sjanger? A.O. Vinje og norsk pressehistorie»
Sikre deg plass
Et begrenset antall gratisbilletter legges ut i forkant – klikk her for å hente billett. Det vil alltid være flere plasser tilgjengelig i døra ved arrangementstart.
Gratis forhåndsbilletter sikrer plass (unummerert) i salen for arrangement ved oppmøte senest ti – 10 – minutter før arrangementsstart.