Premiere på ein ny podkast frå Nasjonalbiblioteket med historikar Ole-Albert Rønning Nordby og nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre.
Strid – de norske borgerkrigene tek for seg maktkampane, intrigane og krigane som gjekk føre seg i Noreg i mellomalderen, då det å vere kongsson var den einaste billetten ein trong for å delta i kampen om trona. Premierekvelden byr på historieforteljing frå scena, quiz og programleiarane kårar nokre favorittpersonar frå denne dramatiske tida.
Arrangementet er gratis, og du kan hente ut billett her!
Dørene til Målstova opnar ein halvtime før start. Det er førstemann til mølla for å få plass i Målstova, blir det fullt får du plass i ein annan sal der arrangementet strøymast til storskjerm. Arrangementet strøymast også her.
Nasjonalbibliotekbaren ved CREDO holder ope. Der får du servert mat og drikke forankret i norsk matkultur. Det er tillate med mat og drikke i arrangementssalene på biblioteket.
Velkommen!