Handverksfestival
22
sep

Sprakalóg

En mann står over en stor jerngryte som putrer over åpen ild
Foto: Anders Flatlandsmo
Fredag 22. september 2023, at 17:00 – 19:30
Nasjonalbiblioteket – Uteserveringen
Gratis
Ingen påmelding

Denne haustkvelden inviterer vi deg til å oppleve ølbrygging på gammalt vis, når røyken stig frå bålet og det putrar i koparkjelen.

Både kveik og heimabrygg er i vinden som aldri før, det er gammalt, unikt og krev godt handverk. Eit heimabrygg skal trass alt ha sju smakar: maltsmak, humlesmak, røyksmak, sprakesmak, søtsmak, kokesmak og «meirsmak». Og før ein i det heile tatt kan byrje å brygge, må ein hugse på einerlog, eller sprakalóg, om du vil. Den gir god smak og aroma, og kvistane blir òg nytta som «rost» (sil eller rist) i mesketønna for at ikkje maltet skal søkke til botnen og tette att tappekrana. 

Kjetil Dale frå Eldhuset på Dale, er ein meister i faget, og no kjem han med både einer og koparkjele. Vi får både sjå, smake og lukte frå oppkoket, medan han fortel meir om tradisjonshandverket.    

Dette arrangementet er gratis og ope for alle. Les meir om heile festivalen her: www.nb.no/hva-skjer