Handverksfestival
14
sep
Spikk di eiga grautskei
Lørdag 14. september 2024, at 11:00 – 23:00
Gratis
Ingen påmelding
I mellomalderen åt dei mykje graut her i Norden, og til det trong dei ei skikkeleg skei. Bestikk slik vi kjenner det i dag, kom først til Noreg på 1700-talet.
Det er ikkje lett å spikke ei fin skei, men i denne verkstaden kan du få prøve deg med hjelp frå to profesjonelle spikkarar. Mari Mosand og Ragnhild Gjems frå Norges Husflidslag har sanka ferskt og mjukt trevirke som dei tar med seg til Nasjonalbiblioteket.
Kafeen sel graut denne laurdagen, så når du har spikka ferdig, kan du kjenne korleis det er å ete med reiskapen du har laga sjølv.
Spikkeverkstaden er ein del av Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket, der temaet i år er nordisk mellomalder med foredrag, panelsamtalar og verkstader. Sjå meir om heile programmet her!
Velkomen!