Handverksfestival
13
sep

Smak urtedrikk med rose og salvie, inspirert av Hildegard frå Bingen 

Et glass med en lys drikk, med urter og blomster ved siden av
LuckyStarr, CC BY-SA 3.0. Wikimedia Commons
Fredag 13. september 2024, at 17:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket – uteområdet
Gratis

Ifølge Hildegard frå Bingen kunne salvie dempe sinne og roseblad få det gode til å stige i menneska. Skriftlege kjelder frå mellomalderen fortel om utstrekt bruk av nyttevekstar og urter for å skape ei balansert helse.

Hildur Hauksdóttir er gartnar og har lang erfaring med mellomaldervekstar frå Klosterhagen på Domkirkeodden på Hamar. Ho har latt seg inspirere av Hildegard sine tekstar og laga ein urtedrikk som skal syte for godt humør. Ho deler ut smaksprøver og fortel om verknadene til desse vekstane.   

Smaksopplevinga er ein del av handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket, der temaet i år er nordisk mellomalder med foredrag, panelsamtalar og verkstader. Alle arrangementa på festivalen er gratis.  

Sjå meir om heile programmet her!

Dette arrangementet er også ein del av Oslo kulturnatt.

Velkomen!