Fagseminar
27
nov

Skeivt kulturår – Kor går skeiv historie vidare?

Et bilde i svart-hvitt som viser to kvinner som snakker flørtende med hverandre
To damer ved inngangen til Haslund kirke, 1943. Foto: Anders Beer Wilse
Mandag 27. november 2023, at 12:00 – 14:00
Nasjonalbiblioteket – Store Auditorium
Skeivt kulturår – Kor går skeiv historie vidare?
Gratis
Krever ingen påmelding

Skeivt kulturår bidrog til å løfte fram skeiv historie, og opne for nye perspektiv på historia i Noreg. Sjølv om Skeivt kulturår er avslutta, vil forskinga på og formidlinga av, skeiv historie fortsetje, mellom anna med ulike forskingsprosjekt og gjennom arbeidet til Skeivt arkiv.

Samstundes er det eit spørsmål om kva som skjer med skeiv historieforsking etter at lysa har slokna og kulturåret er over hos dei som ikkje har eit dagleg fokus på denne historia. Korleis synleggjere og formidle mangfaldet av levde skeive liv gjennom historia? Og korleis kan skeive organisasjonar og enkeltpersonar ta eigarskap til den skeive historia framover?

Programmet gir smakebitar frå skeive personlege fortellingar og skeiv historie, før vi avsluttar med panelsamtale og debatt.

Arrangementet blir strøyma direkte.

Program:

12.00: Opning og velkomst
v/ Marthe Hommerstad, leiar for Norsk lokalhistorisk institutt

12.10: Line Førre Grønstad, faglig leiar ved Skeivt arkiv.
Skeiv historie – Kor går skeiv historie vidare?

Skeive glimt frå historia og i dag

12.15 : Jan Elisabeth Lindvik
Ei «levande kjelde» – personlege erfaringar frå eit skeivt liv.

12.25: Marthe Munch-Møller
Eldre norsk transhistorie

12.35: Siri Lindstad
«Are lesbians everywhere? Om å lete etter Gidske Andersons lesbiske liv».

(Pause)

Kva for skeive historier saknar vi?

13.00: Panelsamtale v/Bjørn Andre Widvey

Ole Henrik Lifjell (Garmeres)

Stephen Adom (Skeiv verden)

Siri Lindstad

Jan Elisabeth Lindvik

Spørsmål og open diskusjon

13.50: Oppsummering

Line Førre Grønstad og Marthe Hommerstad

13.57: Takk for idag