Handverksfestival
14
sep

Panelsamtale om daude dyr som mat før og no 

Pølser i en kjøttdisk
Foto: Landbrukets film- og billedkontor
Lørdag 14. september 2024, at 16:00 – 17:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova
Gratis
Ingen påmelding

Allereie i norrøne tekstar kan ein lese om reglar og anbefalingar knytte til kjøt. Ein har ofra dyr for å heidre gudane, og med kristninga blei det forbode å ete kjøt i fastetida. I dag kan ein få råd om å ete mykje raudt kjøt eller å ligge langt unna. Meiningane har alltid vore mange om kva som er eit moralsk, sunt og berekraftig kosthald.  

Sauebonde Torvald Hadland frå Jæren leiar oss gjennom ein samtale om det vanskelege kjøtet før og no, med kjøtfilosof Sophia Efstathiou, matkulturhistorikar Karen V. Lykke og sosialantropolog og vegetarianar Philip Rynning Coker.   

Du treng ikkje billett til foredraget, og arrangementet er gratis. Vil du sikre deg plass i salen, bør du likevel vere tidleg ute. Vi strøymer foredraget i ein annan sal på huset om det blir fullt.  

Arrangementet er ein del av Nasjonalbiblioteket sin årlege handverksfestival. Sjå resten av programmet her!

Velkomen!